🍄Stopp! Sopp!!🍄

Gerd har blitt ein av DEI. Soppfolket. -Som gjeng tur i skogen og studerer mose og ser etter gule prikker.

Eg har ikkje hatt noko imot det tidlegare, for ho er så snill at ho deler med seg. Eg har kantareller både i glass og poser i fryser’n frå henners tidlegare turer. Denna gongen må eg bli med og leite sjøl. Kan’a’det, tenker eg og roter rundt på roterommet til eg finn støvlane mine nederst i ein haug av spaylakkbokser og spikerpakker. Ei slags korg til å ha enorme mengder gult gull i finn eg også. Johoooo, eg er klar. -trur eg..

Blir det lite eller mykje sno til vinter’n? Åssen var det der igjen???🤔

Me trasker nedover Breisås på den nye, fine sang-og gykkelstien som har komme oppi her. Gerd blir litt betenkt og ler litt usikkert når eg tar hånda henners og ber ho gå på høgre side av meg. Ho lurer på om eg fullstendig har skifta fil, men eg bare peker ned på fortauet og forklarer at me jo må følge oppmerka skilting. Siden ho er minst, (bare et par cm kortere enn meg, men dog..) må ho gå på høgre side! Regel er regel.

Størst til venstre,minst til høgre!

Ende nedi høgga, som me sier i Bø, tar me brått til venstre ned i grøfta. Der åpner det seg er ein fin, liten passasje.

Inn i de dype skoger…

Me trasker forbi diverse bilvrak som ikkje kom i fjor, etter utsjånaden å dømme, og kjem ut på ein koseleg veg mellom gule åkrer. Det er jammen fint her i Bø er me enige om.

Vakre Bøherad😍
Fields of gold
Døme på seriøs sopp-plukker,jf Wikipedia

Inn i Håsårudhåtten (ja, det heiter det!…..😂) gjeng me, og Gerd glor nøye rundt seg på bakken. Si ifrå om du ser noko gult, sier Gerd.

Håsårudhåtten Highway

Ok svarer eg og sier der👉, der👆 og der👈 mens eg peker det ut. Det der er gule lauv som har dette ned frå trea…svarer Gerd lakonisk og ser litt rart på meg. Eg har ikkje tatt brillene med meg, så for meg er alle gule prikker modne kantareller. Gerd begynner nok nå å ane at detta ikkje kjem til å bli den suksessen ho hadde planlagt…

Fåresopp (trur me…)

Me finn masse. Det mysser av sopp i alle farger, men Gerd er så nøye og opplyser om at: hvis me et giftig sopp må me på dialysebehandling resten av livet, og eg gidd ikkje kjøre deg til slik behandling fleire dager i viko resten av mitt liv, bare så det er sagt!

Dialyse-sopp eller ikkje?🤔

Eg tenker i mitt stille sinn at eg trudde me var venner…😳

Plutseleg dukker opp kvit sopp i store ringer. Me finn ut, etter å ha ringt opp til fleire venner og lest i Den Store Soppboka, at dette må være Fåresopp. Den kan me eta. Hurra!😃

😁😁😁👏👏👏

Me gjeng over gravhauger frå førkristen tid og kolgroper på blåmerka løype.

Infotavle Bø Turlag
Gravhaug
Kolgrop? (Kol=kull)
Info Bø Turlag
Info frå Bø Turlag

Her har det skjedd litt av hvert! Eg plukker sopp på ei gravrøys og tenker med meg sjøl at under her ligg det døde folk….spør Gerd om ho trur det kanskje er fotsopp me plukker..

Ein kan sjå på glennene i skogen at her har det vore åpnare landskap ein gong i tida. Eg glømmer alt om sopp og tenker på alle historiene som må ligge skjult her. Spennande! Igjen skulle eg ønske eg hadde ein tidsmaskin så eg kunne hoppe tilbake i tid. Det tar litt over i hjernen med eventuelle overdramatiske eventyr, og da me har vore ute i et par timer, sjekker me korgene våre. Gerd sin er halvfull av god matsopp, mens min er…vel….ikkje direkte stappa….

Min fangst…..stakkars ensomme kantarell…har god plass,da…😁

Da gidd eg ikkje meir, men det har eg ikkje lyst å si til Gerd som storkoser seg, så eg spør om me ikkje kan eta nista vår før den visner. Kaffe har eg lyst på og.

Bronost og kaffi. Uslåeleg kombinasjon!👌

Me sett oss ned midt i skogen på mjuk mose og drar samtidig opp hver sin Smil som overraskelse til den andre. Det er da me finn ut at me kanskje har vore litt mykje sammen denna sommer’n.

På kvelden lager Gerd pizza med sjølfanga sopp. Snille Gerd deler med meg av sin soppfangst, for eg hadde vel ikkje blitt direkte stappmett av den eine kantarellen eg fant…

Gerds fangst…

Maten er nydeleg og me lever fremdeles. 🙌🙌🙌

Ingen dialysediagnose på oss i denna omgangen. 😅-Vellykka tur der, altså! 😃👍👍👍

🇳🇴Ekte helter i Telemark🇳🇴

Vemork

Dei fleste av oss har nok hørt historien frå krigen om tungtvannet og sabotasjeaksjonen på Norsk Hydros anlegg på Rjukan. Kanskje har du sett den gamle filmen med Kirk Douglas eller dokumentarserien som gjekk på NRK for ikkje alt for lenge siden. Det hadde me også. Me visste hovedtrekka om hva som hadde skjedd og navn som Joachim Rønneberg, Claus Helberg og Knut Haugland dukka opp i hjernen da me gjekk over brua til Vemork denne lettskya dagen i august.

Hengebrua over Rjukanjuvet

Lite visste me at me skulle gå derifrå nokon timar seinare, ettertenksomme og rørte, med ein gjenstridig klump i halsen over det me hadde sett og hørt.

På veg opp til anlegget.

Me starta med ein omvisning av ein fantastisk kunnskapsrik guide ved navn Øystein.

Øystein forteller i maskinhallen

Han begynner med å fortelle oss historien om hvordan det heile starta på Rjukan ein gong på 1800-tallet. Om hvordan ein ung ingeniør, som bruka 11 dager på å gå frå Kongsberg til Rjukan, blei heilt fortapt i Gaustatoppen og Rjukanfossen.

Gaustatoppen
Rjukanfossen in all it’s glory

Den unge mannen fant ut at han måtte måle høgda på Rjukanfossen med sitt egenproduserte kvikksølvapparat. Målinga var vanskeleg å fullføre i botn av den mektige fossen, så han gjekk litt lenger nedover elva Måna og trudde han var på samme høgde… Rjukanfossen blei dermed måla til å være nesten 271 meter mens den i verkelegheten er «kun» 104!

Litt skakkmåling, der altså.. Dette medførte at ryktet gjekk i Europa om at Rjukanfossen i Vestfjorddalen i Telemark var verdens høgaste foss. Dei kondisjonerte i samfunnet, dvs dei styrtrike, ville nå heller dra til Rjukan på ferie og sjå fossen enn å reise til Afrika. Slik starta turismen i Norge.

I 1880-åra låg Krokan turisthytte nær Rjukanfossjuvet, men blei seinare flytta.
Krokan turisthytte. På slutten av 1890-tallet blei også Rjukan hotell bygd i nærheten for å huse turistene som kom for å sjå ‘Verdens Høgaste Foss’

På 1890-tallet kom det enda ein ung ingeniør hit. Som turist. Hans navn var Sam Eyde.

Han var ein visjonær innen vannkraftutbygging i Norge og sikra seg rettighetene til vannkraftutbygginga i Telemark alt i 1890-åra. Lang historie kort; tilfeldigheter førte til at Sam Eyde i 1903 møtte fysiker Kristian Birkeland, etter sigende, på et nachspiel, hos statsråd Gunnar Knudsen i Oslo. Dei kom i prat, og fant ut at Birkeland satt på løsninga som Eyde trengte i kjemiske framstilling av salpeter. Salpeter blanda med kalkstein blei kunstgjødsel. Verden venta på kunstgjødsel, og sammen klarte dei å løse gåta om hvordan få dette til. Slik starta Norsk Hydros kunstgjødselfabrikk på Rjukan i 1910. Mange tilfeldigheter og masse slit. Alt som måtte bygges og ordnes før produksjonen i det heile tatt kunne starte…vanntunnel frå fossen, kraftstasjonen, jernbane til Notodden via ferjene på Tinnsjøen, byen, fabrikken…det var snakk om ei investering som i dagens verdi tilsvarer 1,5-2 norske statsbudsjett! Nå gjaldt det bare å få tak i investorer. Veldig spennende historie som du hører meir om ved ein guida tur. Anbefales. Les meir her: http://nia.no

Rjukan (da Såheim) 1907

Såheim (nå Rjukanbyen) gjekk frå å ha et innbyggertall i 1907 på 280 menneskje til 11.000 i 1916. Rallerane (sluskene) og andre ansatte hadde med seg familiene sine, så tallet steig fort.

Samme stad bare ni år seinere, i 1916..
Ferdig i 1911

👆I 1911 sto den vakre kraftstasjonsbygningen på Vemork ferdig og nokon år seinere blei hydrogenfabrikken bygd.👇

Hydrogenfabrikken, også kalla ‘Vannstoffen’, lyste som et lysslott der oppe i lia og dekte heile fasaden til den gamle kraftstasjonen.

Fabrikken blei bygd 9 meter framfor fasaden på kraftstasjonen. Den blei rive så seint som i 1977. Her var det vannbeholdere som omdanna hydrogen og oksygen til gass. Det var imidlertid ikkje alt som blei til gass. På botn av desse beholderane låg det att noko rart vatn. Dette var tungtvann.

Tungtvann. (Bilde lånt fra industriarven.no)

Tungtvannet hadde den egenskapen at det sakna ned kjemiske organiske prosesser. Fyrst var tanken å bruke tungtvannet til å sakne ned deling av kreftceller. Forskere fant ut at det også kunne brukes i atombomba for å få kontroll på den kjernefysiske reaksjonen ved at den gjekk saktere. Dette vatnet ville tyskerane ha og tok over produksjonen. Da dei allierte skjønna hva Hitler skulle bruke tungtvannet til, ga dei beskjed om at dette måtte stoppes. Det var tid for sabotasje.💥💥💥

I februar 1942 hoppa det i fallskjerm ned i området ein Vinje-kar ved navn Einar Skinnarland. Han skulle bl.a finne ut hvor stor produksjonen var på Vemork og rapportere tilbake til England.

Einar Skinnarland

Dei allierte satte i gang den fyrste aksjonen som blei kalla Operation Freshman. I november ’42 kom det 34 kommandosoldater over i to glidefly som blei trukke av to bombefly. Desse skulle bli møtt av Skinnarland og fire andre lokale Rjukangutter som hadde komme tilbake til fedrelandet og slått seg sammen med Skinnarland like før. Denne gruppa blei kalt Grouse og blei leda av Jens Anton Paulsen.

Grouse-gruppa skulle lage landingsbane for glideflya, følge dei engelske kommandosoldatene ned til Vemork, skyte seg over brua til kraftstasjonen og sprenge tungtvannskjelleren. Da glideflya kom inn over området, var været imidlertid så dårleg at flygerane såg ikkje landingsbanen. Dei måtte snu og prøve å komme seg tilbake til Skottland. Det gjekk dårleg. Det var kaldt og på grunn av kulda, sleit slepewirene til glideflya og begge styrta. Det samme gjorde det eine bombeflyet, så det var kun ett fly som greide å returnere. Dei som overlevde flystyrten, blei tatt til fange og henretta like etter.

Operasjon Freshman gjekk ikkje heilt som planlagt.

Operasjonen Freshman var altså ein fiasko, men det var ikkje noko alternativ å gje opp. Grouse-gruppa fekk da beskjed om å trekke seg lenger innover på vidda, mot Kalhovd, til ei hytte som hette Svendsbu. Her skulle dei få forsterkninger til å sette igang ein ny aksjon. Dei fem karane hadde forsyninger for å klare seg i 14 dager, men enda opp med å måtte være der i fire mnd. Det var dårlig vær og lite mat, men på veslejulaften fekk dei endeleg skyte et reinsdyr. Det var fest den julaften. Knut Haugland har fortalt at dei nok overlevde ved å eta innholdet av reinlav i reinens mage. Det inneholdt nemleg livsviktige vitaminer, noko dei ikke hadde mykje av.

I midten av februar 1943 kom det ein gjeng på seks mann, kalt Gunnerside, leda av ein 23-årig Joachim Rønneberg. Flydroppet av Gunnersidegjengen bomma litt på landingsmålet, så dei bruka fleire dager i dårleg vær på å komme seg fram til Svensdbu. Dette medførte at ein god del av utstyret dei hadde med frå England måtte etterlates der på vidda. Dette ville igjen si at dei kun hadde nok sprengstoff til å sprenge tungtvannskjelleren på Vemork, ikkje heile kraftstasjonen. Gunnerside kom seg til slutt til Svendsbu og møter der Paulsen og dei andre i Grouse. Nå var dei elleve. Desse elleve var dei som til slutt gjennomførte den berømte sprengningsaksjonen på Vemork.

Dei som var med på det som blei kalla den mest vellykka krigssabotasjen i historien.

Dei hadde også denne gongen ordre om å skyte seg over brua, men etter flystyrten hadde tyskerane funne Freshman-papir med kart over sabotasjeoperasjonen. Vaktholdet ved brua var forsterka og fjellsida inne på området var minelagt. Dette gjorde at Gunnerside måtte finne ein anna veg inn. Ein galskapsplan om å klatre ned juvet og så klatre opp på andre sida uten å bli oppdaga blei foreslått av Rønneberg. Husk at dette var på vinterstid. Alt var islagt. Har du sett ned i juvet på Rjukan, skjønner du at det virker heilt utenkeleg at det skulle kunne gå.

Forestill deg dette midt på vinteren…

Claus Helberg sier til Rønneberg at han ville prøve å gå juvet, for å sjå om det var mulig å komme seg fram den vegen. På dagtid 27. februar gjekk Helberg opp ruta, og kom tilbake og sa at det var gjennomførbart. For et ufatteleg pågangsmot og offervilje desse unge mennene utviste! Det blir sagt i dokumentaren som blir vist: vi visste at dette med stor sansynlighet kunne være slutten, men intet offer var for stort for et fritt Norge. Klump i halsen igjen.

Inne frå sambandshytta der dei hadde kontakt med England

Like før midnatt satte dei i gang. To av karane var igjen på hytta inne på vidda for å ha kontakt med England. Dei resterende ni sklei seg ned juvet og klatra opp på andre sida. Dei kom seg fram til kjelleren der tungtvannet var. Det var to lag med to mann på hver som hadde med seg nok sprengstoff til å ta kjelleren. Resten sto vakt. Dei hadde ein avtale med ein av dei ansatte der at den eine døra skulle stå ulåst, men denne ansatte var sjuk denne dagen, så dei møtte ei stengt dør. Dei fant ein anna åpning og klatra inn. I tungtvannsrommet møtte dei ein ansatt som fekk beskjed om å stå stille. Han spurte fint om ikkje han kunne få finne brillene sine før dei sprengte, for under krigen var briller vanskelege å få tak i. Sjøl om det var knapt med tid, leita sabotørane og fann brillene før dei plassera sprengstoffet og tente lunta. Mannen med brillene blei beordra opp ein etasje med beskjed om at han skulle vente 20 min med å varsle. Så blei gjort. Det var mange tilfeldigheter på sabotøranes side denne natta. Da ladningen gjekk av, var det ingen voldsom smell. Ved midnattstid hadde det vore vaktskifte, og den nye vakta fann ikkje knappen til flombelysningen. I tillegg var dei tyske soldatane vant til at det av og til gjekk ein elg e.l. på ei mine der i skråningen, så da dei hørte det dumpe smellet, trudde dei det var det som var skjedd nok ein gong. Det var sno og føyke denne natta, men det hadde vært kaldt, så karane gjekk lett på skaren mens vinden skjulte spora deres i nysnøen. Alle kom seg usett ned juvet, over jernbanelinja, gjennom byen, opp Olav Ryesvei med sine 21 svinger, og var på toppen 3,5 timer etter eksplosjonen.

Heile ruta

Det var ein vellykka operasjon, men siden dei ikkje hadde fått sprengt heile kraftstasjonen, var produksjonen igang igjen etter nokon månader.

Amerikanerne bestemte seg da for å bombe heile greia uten godkjenning frå den norske regjeringa som satt i London. Det blei sendt 176 bombefly som slapp over 1000 bomber over Rjukan. Heilt mislykka tokt. Det blei lite skade på tungtvannskjelleren, men mykje skade på bygningene og enda værre: 21 sivile blei drept i anleggets bomberom, deriblant to på 12 år.

🌹🌹🌹

Etter detta beslutta tyskerane å flytte produksjonen og lageret med tungtvann til Tyskland. Det blei bestemt at alt skulle fraktes på jernbanen, via passasjerferga Hydro over Tinnsjøen.

Passasjerferga Hydro.
Bilde lånt frå industriarven.no

Vaktholdet rundt jernbanen var stort, men ingen holdt vakt over ferga det skulle fraktes på, så det var det svake punkt. Tre motstandskarer med Gunnersidemedlem Knut Haukelid, i spissen, kom seg ombord ila av natta. Dei fekk plassert ei tidsinnstilt bombe i botn som smalt av midt utpå på Tinnsjøen. Ferga gjekk raskt ned. Det omkom 14 sivile og 4 tyske soldater her denne dagen men 26 blei redda av folk som rodde ut og plukka dei opp frå det kalde vatnet.

Kart over fraktinga av tungtvannet

Ferga ligg nå på 430 meters djup og er freda. Å ta denne ferga og jernbanen var ein vanleg måte for folk på Rjukan å komme seg til Notodden og videre på. Dei få som visste om denne sabotasjeoperasjonen fekk streng beskjed frå London om å ikkje advare nokon mot å ta turen denne dagen. Det ville vekke mistanke om det var lite passasjerer. Rjukan var ein liten by der alle kjente alle, så tenk deg dilemmaet… Venner, familie, slektninger, naboer….grusomt, men nødvendig. Dette var kanskje siste sjanse for å få stoppa Hitler i å lage den krigsavgjerende atombomba.

Frå maskinhallen

I tillegg til framvising av film om tungtvannsaksjonen er det på museet ei anna framstilling framført av skuespillere som har spela inn scener frå dei fire sabotasjene.

Trykk for å velge hvilken av operasjonene du vil ‘være med på’

Her i dette 360 graders filmrommet, med lyd og stemmene som forteller, får ein det så nært. Ein ser menneska som var midt i heile galskapen. Dei blir meir enn bare tall. Me hører bl.a den unge soldaten som forteller at han løyg på alderen da han verva seg som fallskjermjeger for dei allierte. Han var 17 da han starta. Han blei bare 18. Eg prøver å svelge den store klumpen i halsen. Eg har ein sønn på snart 20. Dette gjorde vondt i mammahjertet og eg sitt med tårer i augene igjen her eg sitt og skriv om det.

Trengte et fint bilde med liv og farger her…

Ein tur rundt i maskinhallen viser dimensjonene på utstyret.

Her oppe sto dei og jobba i 120 decibel uten hørselsvern. Da dei blei døve var det kanskje ein lettelse for da blei det roligere?
Skulpturelt fine maskiner

På museet er det i tillegg fleire andre utstillinger også nå:

Frå utstillinga ‘Det Brenner’ som omhandler brannvesenet og dets oppbygging i Norge.
Brannvernutstyr i denim…
Ting blei liksom gjort med litt meir stil i gamle dager….
Denne utstillinga handler om utålmodige arbeidere på Rjukan og Notodden som tok kravet om 8-timersdagen i egne hender i 1918.
1.mai faner
Du kan få kjøpt deg mat og drikke her i kafeen.
Rjukan-Notodden industriarv blei med på UNESCOs verdensarvliste i 2015.

I 1977 blei fabrikkbygningen framom den fine gamle kraftstasjonsbygningen sprengt i lufta og jevna med jorda.

Frå sprengninga i 1977
Foto: Anders Bull

I 2017 blei det starta arkeologiske utgravinger på området med håp om å finne golvet og kanskje ein vegg av den gamle tungtvannskjelleren. Gleden og overraskelsen var stor da det viste seg at heile romma var meir eller mindre intakte. Kjelleren blei rydda, og nå ventes det på å settes i stand . Det krever tilskudd men det må jo komme…Det var jo her det heile skjedde, det er jo denne kjelleren som er heile årsaken til den historien eg nå har fortalt.

Me er på veg inn i kjelleren som blei avdekka
Inn luka oppe på veggen her kom Rønneberg og co seg inn da dørene var stengt.

Å stå der nede og høre og sjå på plassen akkurat hva som skjedde den dramatiske natta for så lenge siden, er veldig spesielt! Eg føler at eg er med på noko historisk. Kjem du hit, vil eg absolutt anbefale å få med seg turen ned i kjelleren.

Kjelleren var ikkje klappa sammen. Den var like solid og trassig som dei norske motstandsfolka under krigen.
Og her var det tungtvannet sto. Det var her det blei leita etter briller før det smalt. Akkurat her. I dette vesle rommet.

Å gå rundt på museet på Vemork er som å komme på heimebesøk og høre dei involverte fortelle sjøl om alt det dei hadde gått gjennom. Ein sterk opplevelse som fyller oss med takknemleghet nå som me veit. Mykje kan bli tilgitt, men det må aldri bli glømt.

🕊🇳🇴Takk for innsatsen🇳🇴🕊

🍀Telemark Highlands🍀

Siden vakre Telemark er et Norge i miniatyr, og me var ved kysten på forrige tur, gjer me nå ei bråvending og dreg uppivi (les: oppover). Me skal til høglandet. Rjukan og Tinn Austbygd: her kjem me.

Gaustatoppen

Gerd informerer meg om at me reise så tidleg som klokka 8 på morgonen pga været, for det er meldt masse vær. Av alle slag. Eg svarer bare ok, værst for deg, eg er ikkje menneskje så tidleg, og det veit du!

Eg kjem meg opp, og er på plass utafor hos Gerd til avtalt tid. Den fyrste halvtimen er ho klok og/eller erfaren nok til å ikkje prate til meg. Det er stille i bilen til me har passert Notodden. Stakkars Gerd. Ho held på å sprekke av innestengt snakk. Eg blir meg sjøl innen Gransherad. We’re on!

Etter nokka bråstopp pga ÅÅÅÅ, SÅ FIIIINT! og MÅ TA BILDE!!! er me etterhvert framme ved Krossobanen.

Opp her skal me. Langt og bratt opp..
Me kjører Blåbæret opp

Her skal me dingle oss opp til Gvepseborg, som er banens øvre stasjon, i gondol. Derifrå skal me gå opp Solstien som siast å være den kortaste vegen frå Rjukan til Hardangervidda. Denna stien er godt tilrettelagt og etter ca to kilometer er me oppe ved «Kanonstillinga» som ligg på toppen, 1110 moh.

På Gvepseborg kan du leike deg i klatreparken før du reiser videre.
Etter ca 800 meter på grusveg starter Solstien som er flott tilrettelagt med heller satt på plass av skjerpaer frå Nepal.
🎶Vi vandrer med freidig mooooot🎶
Lyngen blomstrer som besatt i fjellet just nu.
Bak skodda ligg Vemork-anlegget.
The Sun Trail.
Høgfjellet. Så vakkert at det nesten gjer vondt.😍

Kanonstillinga har ingenting med nachspiel og vaklete bein å gjere….Det er derimot staden der tyskerne starta å lage ei luftvernstilling med kanoner for å beskytte Norsk Hydros tungtvannsproduksjon på Vemork mot alliertes luftangrep under krigen. Dette blei rektignok aldri fullført, men det er ei anna historie.

Me et niste, dvs frokost for meg og lunsj for Gerd, like under toppen. Tåka kjem sigande raskt, men me ser Gaustatoppen klart på andre sida ennå ei beite.

Matpause med utsikt til Gaustatoppen.
Tåka kjem fort her oppe!
Back @ Gvepseborg i tide.

Straks etter me er nede att ved Gvepseborg er det ei lita stund så tett tåke at det er vanskeleg å treffe munnen med vaffelen.

Mmmmmm😋

Eg må innrømme for Gerd at ho hadde heilt rett da ho sa me måtte starte så tidleg for å sjå noko. Gerd sier ingenting om det, men det lyser hadde eg rett, eller hadde eg rett? i panna hennes. Eg liker ikkje å innrømme at det nokken gong er lurt å stå opp så tidleg at det gjer fysisk vondt, men denne gongen må eg gje meg.

Sjølbetjening ved vaffelstasjonen.

Me koser oss med svart kaffe og nystekt vaffel toppa med deilig sterk, brun VM-sølvvinner-geitost frå Austbygd. Sterkt anbefalt av blide og hjelpsomme Georgina inne på kafeen. Ho har heilt rett, den må smakast!

Sølvvinner’n👌

Den var verdt heile turen. Kafeen fyller seg etterhvert opp av folk som enten skal ta samme tur som oss, sykle inn til Kalhovd og være borte ein dag eller to, eller bare ta banen opp for å eta god mat og nyte utsikten frå kafeen. Dei har flaks, tåka har letna.

Rjukanbyen langt der nede.

Me dingler oss ned igjen den bratte fjellsida og får høre av gondolføreren at i høgsesongen kjører han opp og ned der 80 gonger om dagen. Han får ikkje lenger dotter i ørene av turen, men det får me uerfarne låglandsfolk, så me står og gaper på veg ned. Gerd ser ikkje intelligent ut, og av det lattermilde uttrykket ho har i fjeset skjønner eg at det gjer ikkje eg heller…😂

Me tar Tyttebæret ned att.
Hei Blåbær😃👋
Me overlevde!😅
Skipynt på nedre stasjon.

Har ein ikkje lyst til å ta banen, men heller gå dei 21 krappe svingene opp eller ned Ryesvei, så værsågod…Vegen er 3851 meter lang, og høgdeforskjellen er ca 500 meter. Det som er kult er at denne vegen er åpen for aking på vinteren. Da kan ein ta banen opp og ake ned igjen. Dette er dermed Norges lengste akebakke med heis. Sjå meir om dette, og meire til, på http://krossobanen.no

Vel nede i Rjukan sentrum må me ta ein kikk på det berømte solspeilet. Krossobanen blei i si tid laga for å få lokalbefolkningen opp i sola. Solspeilet blei satt opp for å få solglimt ned. Det trengs. På vinterstid når nemleg ikkje sola ned i botnen av den djupe dalen. Solfesten i mars er feiringa over at sola er tilbake etter nesten et halvt år borte frå byen.

Høgt oppi lia står speilet og redder dagen midtvinters.
Et slag sjakk, anyone?
På UNESCO’s verdensarvliste.
Blomsterpotte med historie.
Rjukanbanen var ein viktig transportveg for Norsk Hydro.

Me skal være her i området et par dager, og me skal overnatte i telt. Heldigvis er det av det rette slaget, med strøm, lamper og senger, altså er me glampinturister igjen. Hurra, så glad ein kan bli!!!

Min type telt!😃👏👏👏
Vakne opp til slikt…skål for det!

Sandviken Camping i Tinn er ein familiebedrift som har gått i arv i generasjoner og det er i dag tredje generasjon som driv camping her.

http://sandviken-camping.no kan du lese meir om historien til plassen. Campingen ligg nydeleg til ved Tinnsjøen og me vakner opp med ein fantastisk utsikt over båt på stille vatn omkransa av fjell som strekker seg så langt ein kan sjå. Det er som å vakne opp i et måleri av Tidemann og Gude, eller Tidegud og Mann som Gerd liker å kalle dei.😄

God morgon!☕️☕️☕️☀️☀️☀️
Den gamle brygga på Sandviken Camping
Steiner frå dei rivne syretårna på Hydrofabrikken. Ca to tonn pr stein. Solid trapp👍
Her treng ein ikkje kjede seg. – om ein ikkje absolutt vil,da..
Saunatønna har glassvegg, så her kan det svettes med utsikt.
Lunch i det grønne.
Resepsjon og kafé.
Populær leikeplass.
På felleskjøkkenet kan du mekke din egen mat.
All slags camping er representert. Denne var artig.
Er det Tidegud eller Mann som er ute og fisker?
Chorizopølse blir servert sammen med Gerds verandakassepoteter😃👍
Så kom kvelden med all sin skjønnhet.

Neste dag er det både sol og lett yr i lufta. Me kler oss etter forholda, dvs alt frå stuttbukse og kortarma til ullgenser og vindjakke 😂😂😂, og reiser til Håvardsrud Seterliv (http://seterliv.no) for å sjå på dyra og ete rommegraut.

🎶It’s a long lonely highway when you’re travelling all alone..🎶
Må væra her Myrullbråten kjem frå, vel?

Her er det gamle, vakre bygninger og hest, ku, sau, gris, høner, geiter, kyllinger, og i tillegg kaniner på taket. Og rommegraut. For dei som lurer, er det bygdespråk for «rømmegrøt».

Velkommen til Håvardsrud Seterliv.
Må væra den beste rommegrauten eg har kjent, trur eg!👌
Nammenam rett frå ovnen.
Ein lokal svinepels.
Setra er i full drift med bl.a ysteri.
Tak-kaninene.
Gerd har god kontakt med dei lokale.😄
Ein nussebass-tass.🥰
Kan sitta inne og eta om du vil.
Moro for ungane å klatre opp på taket og klappe kaniner.
-moro for dei vaksne og…

Da me reiser frå stulen, tar me til venstre 👈 i staden for høgre 👉som me skulle gjort, for slik er me bare laga. Dermed ender me opp i tunet til ei driftig dame ved navn Aslaug.

Tinnbua
God holdning😄👍

Ho driv Tinnbua, ei god, gammaldags krambu med hus-og hytteutstyr, der på garden sin. Ho har alt du treng, eller ikkje treng, men bare MÅ ha. Og der kjem eg….med min svakt utvikla impulskontroll og tilsvarende sterkt utvikla og opptrena shoppinggener…det ender bra for ho. Meir er det ikkje å si om det. 💸

Og her….gjeng det i ball for meg! 🤩

Fantastisk butikk med alt mulig av varer, eller «litt søtt, litt salt, og noko tå alt» som ho sjøl sier. Pluss ein andre etasje fylt med juleutstyr. O jul med din glede og barn i August, så koseleg! 🎄Sjekk ut http://www.tinnbua.no

🎄Juleavdelingen🎄
Gløm hulebjørn, her er det julebjønn som gjeld.😄😄😄
Ok.👍
Omtrent slik følte eg meg i denna handlehimmelen..forvirra men glad.
Smaksprøver blir servert.
For dei som treng det…😉😄

Me får omvisning i bua og på garden i tillegg.

Neste år blir etter planen gardens private bygdetun åpna, med hus frå div plassar på eigedommen som nå er samla her.
Aslaug har alle rettigheter ( heldige Aslaug..!) og leiger ut lysthuset til selskap med sjøllaga mat om du vil.

Aslaug fortel om besøk frå NRK, reportasjer i ukebladet Hjemmet og tulletelefonen frå statsministerens kontor som ikkje var ein tulletelefon likevel..Ho fortel og at det er fleire små bedrifter starta av damer på nabogardane bortover. Dei kaller seg Jentene i Øvrebygde. Det er nabolaget sitt!

Med ein litt tyngre bil og ei litt lettere lommebok triller me, fornøgde med dagens fangst, ut av krambu-tunet. Me skal overnatte ennå ei natt i det flotte glampingteltet på Sandviken før me dagen etter skal til Vemork og sjå. Og høre. Og oppleve. DET blir ein sterk opplevelse. DET kjem i neste reisebrev som kjem ganske snart. Heng med.👍

Takk for i dag💕

🌤⚡️Portør-perla⚡️🌤

Nå skal me ut på ny tur. Me reiser til Portør denna gongen og skal bu på det gamle pensjonatet der. Da eg forteller detta til moder’n, ler ho og sier at der har du budd før! Sommer’n 1970. 😄😄😄 -Eg blei født rett før jul samme året… Viser seg at eg var med på bryllupsreisa til mor og far.🤰🏻Har naturleg nok hverken minner eller bilder frå den gong, så det blir moro å sjå åssen det faktisk ser ut der.

Velkommen til Portør Pensjonat😃

Etter ei veke med knallvarmt vær og sol, sol, sol, kjem me ned dit søndag ettermiddag til regn. Det bøtter ned!

Heisann…godt det fins tak!

Pensjonatet er fullt av folk som har vore på søndagsmarkedet og opplevd konserten i hagen. Hver søndag er det nemleg marked på jordet ved sida av pensjonatet der det blir solgt alt frå saueskinn til økologisk honning. Dette er et samarbeid mellom fleire aktører og er kjempepoulært. Samtidig som markedet pågår er det konsert i hagen og matservering, så ein kan gå litt att og fram alt ettersom hva ein har lyst å gjere først. Me var sultne og har hørt skryt av fiskesuppa. Det var berettiga! Mm mm mm, så god!!

Denna…..var god, den!
Kaffe og jordbærkake med ferskvispa krem.😋😋😋

Me får rom i annekset, og installerer oss der, dvs slepper ned hver vår bag.. Gerd må ut og ta bilder.

Annekset
Back to the fifties😍
Rommet vårt.
Rett før neste regnskyll

Me kravler oss ut over knausen mot havet mens det er et ørlite opphold i regnet. Det varer ikkje lenge, så me kravler oss raskt tilbake under tak. Utruleg å våt ein kan bli på to minutter!

Praktisk turantrekk…😂😂😂

Gerd kjem rett frå hyttetur med 5 tanteunger, og sovner idet ho går inn døra til rommet vårt. Eg sover ikkje. Eg sitter oppe og ser på showet. Et fantastisk lyn-og torevær ute i havet. Det blinker i ett, som et fyrverkeri som har tatt heilt av.💥💥💥 Eeeelsker det!!! 🥰⚡️Wooohoooo!!!⚡️Det tordner så det klirrer i glasa.

Natta blir lys av lyn⚡️

Gerd sover…er et øyeblikk redd ho har falt i koma. Prøver å vekke ho for at ho skal få oppleve det gnistrende showet, men ho er far beyond kontakt. Slitsomt å være tante.

Utpå natta stilner det, og eg får meg til slutt litt søvn. Gerd er kvirrevitt-vaken morgonen etter. Eg kvitrer ikkje. Eg murrer lettere aggressivt, men kjem meg nå opp etterhvert. Det er sol. Gerd har alt vore ute og tatt fleire bilder, og er klar for frokost i solveggen på verandaen. Når Gerd et, et eg også. Slik er det. Hjernen min våkner etter ein kopp kaffe eller to, og me koser oss med deilig sprø-ferskt brød og egg,- og vaffel til dessert. Klart ein må ha dessert til frokosten når ein er på tur! Særleg her!

Life is good😃

Må få frokosten til å synke på plass, så me tar ein rusletur for å sjå oss litt omkring.

Oppe på toppen ved vakthuset, har ein strålende utsikt over Portør og skjærgården rundt.

Det fyrste vakthuset er trulig satt opp i forbindelse med Napoleonskrigen. Me kan lese at vakthusa langs Norskekysten har hatt stor betydning bl.a for sjøfarernes sikkerhet og for innkreving av toll. Portør hadde losstasjon og tolloppsynsstasjon fram til 1960-tallet. Nå står det der på toppen som et minne om tider som har vore. Deilig plass å sitte og drømme seg bort.

På veg tilbake går me forbi Himmel og Hav, der Camp Culinaris blir spella inn. Der er det travelt. -og avstengt for andre enn crewet.

Himmel og Hav
Her er det lett å puste…

Tilbake på pensjonatet prater me litt med ein av dagens to drivere, Annika. Ho fortel om alt som skjer der, og at sjølve huset blei bygd i 1904. Det er seinere påbygd fleire gonger.

🦋Sitt ned og slapp av🦋
Frokostveranda
Kaffe,te? Te,kaffe?
Stairway to….the window.
Rom inne på pensjonatet. Bildet er lånt frå heimesida da romma var utleigd da me var der.
Bilde lånt frå heimesida.

Plassen oser av gammel sjarm, og ligg fantastisk til rett ved havet. I tillegg til faste søndagsaktiviteter, er det konserter også på utvalgte fredager og lørdager. Å sitte og høre på Ole Paus, Tom Mathisen eller Jørn Hoel i selskap med et glass kald drikke i varme sommerkvelder, alt dette i ein deilig hage ved kysten er ikkje det værste ein kan finne på….Hagen blir også brukt til å arrangere yoga for den som heller vil det. På veggane inne i huset heng det maleri frå området, som er til salgs. Pensjonatet er et aktivt samlingspunkt for Portør, og det merkast. Det er stadig folk innom. Her kan du sette deg og ete full middag, ta ein is eller bare ein kopp kaffe og prate litt om du vil.

Denna vesle bua kan du bu i. -om du bestiller i veldig god tid! Poppis plass å våkne opp.

På pensjonatet kan ein leige lokaler for store og små arrangementer heile sommaren og i år vil det også være åpent for julebord frå midten av november til midten av desember, så om du vil arrangere julebord litt utenom det vanlege, med nydeleg mat og lyse lokaler med historie og personlighet, ville eg sjekka ut denne plassen! For meir info, sjå http://portorpensjonat.no.

På en hvitmalt benk i hagen…
Plassen for et ekte hageparty.

Portør er idyllisk, rolig og vakkert, men me skal videre.

«Stopp!!! Bilde!!!» Gerd bruker strenge-stemma si. Eg bråstopper.
Travle Wesselgården. Bestill bord på forhånd…

Brum, brum til Wesselgården ved Kragerø for å ta ein kikk på utstillinga «Forandring» med maleri av Beate Kongsgaard Flaaten. Og ete lunsj. Trur me…Det er feil, det er smekk fullt med reserverte bord, men bilda får me sjå.👍

Magen til Gerd rumler mens me går rundt og ser. Inn i lukteapparatet smyg det seg gode lukter av nystekt pizza, noko av det beste Gerd veit. Ho har det litt vondt og eg føler med ho. Så nær men dog så fjern… Eg ber ho konse om kunsten rundt oss i sta’n.

Vakre bilder med fine farger og former. Morsomme og anderledes. Er ikkje lange tida me får der inne, me er litt i vegen midt i travelheten, men det er moro å sjå. De er flink, fru Flaaten! Hurra!🤩🥳🥳🥳

Magen til Gerd rumler høgare, så me svipper inn til Kragerø for mat.

Når man kjører stil…👌
Me er så glade i detta gamle bankbygget!😂😂😂

Havner i ein annen hage og et pizza ved bryggekanten.

Pizza og kaldt drekke på Haven Restaurant i Kragerø
Kragerø vettu…😍

Før me kjører heimover att, må me innom gruva på toppen av byfjellet. Den er våt, sleip og kjølig, og raskt unnagjort siden det er kun ein liten stubb inn i fjellet. Men me måtte jo inn og sjå…

Nok ein fin tur. Takk for følget atter ein gong.

Mmmm…Kan du kjenne smaken på tunga?…fremdeles god sommar, folkens☀️

☀️Hengekøyekos ved fine Follsjø☀️

Fint vær og kjempevarmt!!! I maaange dager. Me må vekk. Eg kjem til å bråne på veranda’n min! Melding frå Gerd. Hengekøyetur? svarer eg. Slik blir det.

Det er ikkje mest penger att i reisekassa så ein gratistur passer fint. Ved et vatn. Med både solnedgang og soloppgang synleg frå køya.

Eg må bare få meg ein ny sovepose. Den eg har er eldgammal og laga til ein heilt anna fysikk enn det eg er utstyrt med. Den må væra bortimot 3 meter lang og så smal at om den hadde vore stripete, hadde den bare hatt plass til ei stripe. Det føles i alle fall slik, der eg klarer å vikle meg fast i den i løpet av natta. Eg plager å våkne opp fastinnvikla som ein forvirra snegle i et alt for lite sneglehus. Og da i tillegg i hengkøye….eg hadde vel våkna opp utafor køya i bare myggnettingen og med framtennene i lyngen og blåbærprikker i panna…

Eg stikk innom godtebutikken Brukås Sport for å finne ein sovepose eg kan overleve i. Syns det er vanskeleg å finne slikt på egenhånd, men der kan eg komme og si hva eg skal ha det til, så finn dei alltid akkurat det utstyret eg treng. Effektiv shopping, yes yes yes.👍👍👍

Det er såååååå fiiiint ved Follsjø sier Gerd, og når Gerd sier slikt, trur eg på ho. Er ikkje vanskeleg slik sett. Ok, let’s go. Me pakker igjen Gerds lille kvite og kjører som et sakte lyn over heia.

To dager her gjer ingenting…
På plass.👏👏👏

Vel framme er det opp med køye og myggnetting. Det gjeng radig og deretter må det badast. Vatnet er aldeles forfriskande deilig.

Lokalkjente Anita er med første natta. Her er det tågymnastikk som står på timeplanen.

Middag må me ha, og i dag står heilt nyplukka poteter på menyen. Gerd har blitt mini-bonde med egen verandakasse-avling.👩‍🌾 Nydelege jordeple med smør på og spekeskinke innat. Namme-nam!👌👌👌

Ekstremt kortreist mat!
👌👌👌

Me er ikkje aleine om å kose oss rundt vatnet. Dette er ein populær plass når det er så varmt som i desse dager, men utpå kvelden reiser røkla heim att, og roa senker seg over plassen.

Kan ikkje bli meir idyllisk enn detta, vel?
Bomull-himmel

Utover kvelden blir himmelen bare finere og finere. Me føler oss privilegerte som kan sitte her og sjå natur som detta på sitt beste. Nydeleg temperatur. Berga er fremdeles solvarme, sola går ned bak fjella og mygg og knott syns det er koseleg å få besøk.

Takk for i dag, sola.
Utsikt frå køya😍God natt😴

Eg sover som ein stein i hengekøya. Soveposen er vennlig innstilt og funker perfekt.👌Gerd derimot, sover både mindre og lettere og blir liggende og stirre ein mygg-gjeng inn i augene. Dei små vesna er kranglete i kveld. Antageligvis noe småsure pga myggnettingen. Så nær men dog så fjern…

Klokka to på natta….
…..og klokka fire…frå hengekøya.

Tidlig neste morgon er seff Gerd oppe tidleg for å nyte morgokaffen sin der ved vannkanten. Eg vil heller bade når eg vakner, slik et par timer seinere..

Good morning😃
Morgokaffe ved et blikkstille vatn.

Me finn ut at det er så fint her at me bestemmer oss for å bli ei natt til.

Matforrådet må suppleres. Ingen problem. Svipptur til Notodden og handle inn digg. 👍 Det er steike hett i byen, men tilbake ved vatnet er det ein deilig bris. Meir bading og masse folk som koser seg.

Takk for i dag, del to.

Kvelden sig på og igjen blir det stille og godt.

Me er enige om at å overnatte ute i frisk luft, under den fantastiske himmelen, må være noko av det beste som fins. Det er dessuten gratis og ein treng ikkje reise langt. Anbefales på det sterkeste. 😃👍👍👍 Takk for nok ein fin tur.😊☀️

💤

😳Gone mad!😳

Telt. Ordet smaker klamt, innestengt og giftig myggspray. Tynn duk som samler fuktighet om det regner eller ei. Altfor varmt eller altfor kaldt. Hverken eg eller Gerd har noensinne lika telt.

Tilbakeblikk til tidleg i juni:

I et øyeblikk av spontan glede over sommer’n som endeleg har kommet, sitt me og prater om åssen sommer’n vil bli i år. Det blir nevnt både sommar, sol, bading og teltliv. I samme setning.

Midlertidig sinnsforvirring gjer at fingrene mine finn fram til ordet TELT på telefonen. Deretter gjeng det overraskende lett frå «legg i handlevognen» til «gå til kassen og betal»…

Overdreven dumskap og svakt utvikla impulskontroll har ofte konsekvenser…Nokre veker seinere rygger det inn ein varetransport på min adresse med ein diger eske frå Langtvekkistan.

Verkelegheten slår inn over meg; me har blitt telteigere. O Store Sjef, hva har me gjort? 😱 Eg sett frå meg esken i trappa og åpner den ikkje. Kanskje den forsvinn hvis eg later som om den ikkje fins? Eg håper i det lengste, men nei… Den ligg der fremdeles i dag.

Så…nå skal me på camping. 😫Uææææ, eg kjenner myggspraysmaken på tunga og føler meg småkvalm. 🤢 Ja, ja, det er like godt å hoppe i det som å krype i det, som Donald Duck ville sagt, so here we go…

Eg nekter å reise langt, i tilfellet det skjer at eg får nervøse rykninger og/eller sammenbrudd, så me ringer til Gro på Hegna Camping. hegnacamping.no ligg i enden av Seljordsvatnet, ca et kvarters kjøring frå heime. Passer fint.👍Eg kan luske meg heim att i mørket om eg må, og kanskje t.o.m være tilbake før Gerd våkner…

På dette tidspunktet har Gerd skifta ham. Nå gleder ho seg innmari til camping. ÅÅÅÅÅ det blir så MOOOORO, sier Gerd og klapper begeistra i hendene.👏😄👏Overløper!

Vel framme på Hegna tar eg ut den store, ennå uåpna, esken frå bilen. Gerd kjem ut av sin bil og hjelper å bære. Etter at eg tidlegare plumpa ut med at ekte glampere har palmer og masse anna stash, endte me opp med to biler. Må si eg er glad for å kunne parkere ein meter frå teltplassen…😅

Ut av esken drar me ut ein bag med diverse objekter og starter prosessen.

Uten noen som helst erfaring frå teltoppsettingbransjen, tar me fram del for del og legg teltduken utover. Det dukker opp mange stenger som ser nesten like ut OG ein bruksanvisning. Me er redda! -trur me… Det viser seg at den består av fire bilder som er gresk for uerfarne happy-campers som oss, og teksten er på kinesisk. Hurra!

Hmmmm….akkurat!

Eg spør Gerd om ho kan mandarin, men ho står i egne grubleritanker og svarer lett fråværende at: nei, men ho har tatt med både melon og eple.😂😂😂

Etter ei tenkepauseforfriskning i sola, gyver me laus på saken. Det blir stappa på plass stenger både her og der, og plutseleg står teltet oppe. Riktignok noe ustøtt. Gerd har hendene fulle med å holde på det eine hjørnet og banne lett og luftig over den veldig flaue, men dog så trøblete brisen der nede ved elva. Eg prøver å lette på stemningen og dra ein spøk med å si at eg bare må på ein tur på do og at ho må holde fortet så lenge. Gerd drar ikkje på et einaste smilebånd. Godt eg ikkje måtte på do på rektig…😄

Til slutt har me funnet ut av det og den midlertidige heimen er oppe.

Mykje som er kjekt å ha med..

Det er tid for dill & dall. Gerd har gjenfunne alle smilebånda sine, og er blid som ei sol. Ut av begge bilene velter det lyslenker, palmer, blomstervaser, telys, hengekøye og potteplanter. I tillegg til MASSE andre ting som kan være kjekke å ha.

Me syns det blei rektig så koseleg…
….mens andre kommenterte at det ligna ein sigøynerleir.😄😄😄

Det nærmer seg foringstid. Gerd drar fram skakkeaure (ørret), rømme, lauk og lefse. Eg er litt overraska, for etter div rakfisklag veit eg at ho verkeleg ikkje liker rå fisk.

Ikkje den vanlegaste teltmaten,kanskje?
Skakk og konjakkmarinert.
Home, sweet home!

Me sitt i sola og beundrer teltoppsettingsjobben som er unnagjort, og et den skeive fisken. Gerd innrømmer etterhvert at rå fisk nok aldri blir noen favoritt, om den er aldri så skakk.

Egg og bacon er nå voldsomt godt, da!
Hegna Camping

Me går ein runde på området for å finne ut hvordan livet på Hegna foregår, og får omvisning av blide campingsjef Gro. Me veit ho har det travelt som fy, men likevel får me ein god rundtur på garden.

Gro C. Aasgrav, dronning av campingplassen👸🙌

I tillegg til vogn/bobil/teltplasser, består Hegna Camping av mange små hytter, gamle hus, anneks og låve. I låven ligger den alltid åpne sjølbetjente landhandelen. Norges første i sitt slag. Genialt! 👌

Alltid åpen og sjølbetjent landhandel i første etg, og kulturlåve, bar og resepsjon i andre.
Kulturlåven/baren
Leikeplass
Overbygd utendørs lesekrok.
Her var sanitæranlegget i «gamle dager»
Dagens flotte sanitærbygg.
Ripsen er snart moden for plukking
Campingområdet sett frå elva.
Mhm!
Badeplassen😍

Campingen ligger som nevnt i enden av Seljordsvatnet og har eksistert lenge. Dei små hyttene er som tatt rett ut av 50-60 tallet, og eg tenker Dirty Dancing, varme somre, bading, lukten av høy og enkelt liv når eg ser dei.

I mitt hode starter historier om hva som kan ha skjedd her. I lange, lyse sommernetter har det kanskje snike seg ut ei og anna ung byjente i lett sommerkjole for å møte ein lokal kjekkas med brylkrem og oppbretta skjorte. Sukk, så romantisk!

Hyttene er variert i størrelse og utforming, men alle har den samme tidsånden.

På tunet møter me Sigurd og Lise frå Sandefjord som har feriert her i 33 år.

Lise og Sigurd som drar frå kysten og inn i landet på sommer’n. Vil si det er mot norrrmalt!

Med mine historier fremdeles i hodet, spør eg om dei har noen pikante fortellinger frå denne plassen. Sigurd humrer litt og sier at han ikkje har så mange av dei, men me får høre om hvordan tidligere eigere gjekk rundt på plassen med myntapparat og tok inn dagens avgift, hvordan Hegna så ut før, flotte turer på Lifjell og om korset som er satt opp i myra over ho som havna der etter å ha havna i uløkka på 1800-tallet. DER var det i gang igjen, nye historier i hodet mitt. Det er som om alle nymotens ting på campingen forsvinn og eg ser for meg hvordan det så ut for 70-80-100 år siden. Kjenner lukta av hesjing og dyr og ser skygger av tidlegare levde liv snike seg rundt dei gamle bygningene. Bonderomantikk og drama. Overaktiv fantasi. Kanskje eg burde prate med noen om det…

Annekset.

Eg riv meg laus frå mine egne tanker og kjem tilbake til 2019. Eg spør Gerd om me ikkje skal gå frå Bø til Seljord. -HÆ? sier ho og trur eg har fått solstikk. Det er ikkje fullt så imponerende som det høres ut. Siden Hegna ligg på Vefall, heilt på grensa mellom dei to kommunane, er det gjort på fem minutter. Me går ein tur på stien langs elva opp til Seljordsvatnet og hører skogens ro. Ko-ko.

Her kan du sitte ned for å fiske om du vil.
Seljordsvatnet renn ut her, i Bøelva.
The Seljordsvatn.
Etter tur Bø-Seljord er det godt med litt mat. Ferdiglaga heime og oppvarma på bånn-pine-primus.

Her er masse å finne på om ein blir rastlaus. Me speller yatzi og ler på oss magemuskler av spellet «Stor i kjeften».

Kan ikkje si anna enn at det kler meg å væra «stor i kjeften»…😂😂😂

Etterpå henter eg ut ei nyskjerrig kråke som har forvilla seg ned pipa i Pipehuset. Det er artig. Det har eg aldri gjort før. Camping er variert, sier campingsjef Gro. Ho er mindre entusiastisk når det gjelder fugler som krafser rundt i vedovnen.

Pipehuset. Er vel nesten naturleg at kråka ville nedi denna pipa og sjå?

Og fisking. I elva vaker det i ett. Når mørket senker seg, koker det, og det er stadig noen som prøver fiskelykka.

Blir ikkje bedre enn detta…
Meditation River.

Me har ikkje med oss fiskeutstyr, så me sitter utafor teltet nede ved elvekanten og bare nyter synet. Av elva som renn sakte forbi, fisken som flakser og av sola som glitrer i vatnet idet den går ned. Me bemerker det begge to at det ligger ein slik ro over denne campingen. Den er forholdsvis liten og har god plass mellom vognene. Det er store åpne plener med benker. Ungene leiker ute dagen lang, bader på den lille sandstranda og får ferievenner og minner for resten av livet. Eg ligg i hengekøya og tenker at slik skal et sommerliv være, rolig og fint der tida flyt sakte som elva me ligg ved.

Livet, ass!!
God natt frå Camp Gypsy. 😴Takk for et supert opphold!!😃🙏👍

🏆Glamping er gull!🏆

Telttur… Trangt, fuktig og ukomfortabelt er det eg forbinder med slikt. Nei takk!

Det var før me prøva GLAMPING. Heisann, det var noko anna!!!😄👏👏👏For et fantastisk påfunn! Telt store som hytter, gode senger, høgt under taket og sofa. Yeeehaaa, nå snakker me telttur! Nå meiner eg sjølsagt ikkje å bære med seg alt dette ut på tur, om du ikkje reiser med Hulken eller andre superhelter…Har du planer om 14 dagers telttur på Hardangervidda må du nok fremdeles gå for det enkle liv i fjellteltet ditt…Går derimot turen til Sommarland eller andre siviliserte opplevelser i Bø, er dette den maksimale måten å overnatte på.

Mhm!

3 kilometer frå Bø Sommarland og klatreparken Høyt og Lavt, inni skogen i Årmotdalen, ligg nemleg Breiva Gjestegaard og Glamping. Holy Moses for ein plass!🤩 Eller som Gerd sier; Åååå så fiiiint!!!🥰

Velkommen til gards
Sommarland ligg så nær at du knapt rekk å setta deg i bilen før du er framme
Moro,moro og god trening!!!
Vakre Breiva
The Låv
Ein kaffekopp i sola,kanskje?
Sykler til fri benyttelse

Me blir hjertelig mottatt på tunet ein solfylt sommardag av Katrine og Jon, og får raskt ein omvisning på garden. Praten går lett om hva som er alt blitt gjort og planene videre. Som at det skal bli vinterglamping også når vedovnen er på plass i telta. For ein plass å lade opp til jul!

Jadda!!!!😁👏👏👏
Tepper og utstyr innkjøp i Marrakesh. The real deal.
Eg kan god bu her…lenge…
Blir så glad av gjenbruk!
Telt-veranda….👌👌👌
God plass ute
🎊Tøffelfest🎊

Jon snekrer og fikser og Katrine tar vare på alle og lager god stemning ut av alt. Det er forresten det som gjer denne plassen så spesiell, den ekte varmen ein føler når ein kjem hit. Uvanleg gjestfritt og uhøytideleg på ein avslappende måte. Du føler du kjem heim. Rar følelse når ein aldri har være her før….

Det ligg i detaljene🙌

Det ligg ein slik fin ro over denne plassen. Det er tilbake til naturen på absolutt beste mulig måte, oppdatert og moderne, men likevel med det gamle intakt. Ingen oppkonstruerte pengemaskiner eller plastsklier, bare ekte vare. Og alle detaljene….alt er så solid gjennomført.

Bø eller Marokko? Bø!
Sier det igjen; detaljene altså!
✨Norsk 1001 natt✨

Her er masse å finne på for både unger og voksne. Like i nærheten ligg Åselva med fine jettegryter å bade i. Du kan fiske, ta deg ein sykkeltur på sykler du får låne gratis, teste balansen på balanseline mellom trea, plukke bær i sesongen, grille, trille eller spille (hoi for ein ordkunstner eg var der…😂😂😂) Her kan du fylle lungene med frisk skogsluft og bare være til. Ungene leiker i tunet mens dei voksne sitt i nærheten, samla rundt grillplassen eller på plattingen under låvebrua.

Her lukter det sommer. Varme berg, sildrende vatn og skog😍
Tenk å mange år det tar for vatn å forme dette…
Det rustikke er beholdt👍
Under låvebrua. Snakker me godprat over et glass 🍷? Jada,det gjer me!
Felles grillplass på tunet. Her er sådd kjempesolsikker og minikiwi-planter rundtomkring. Mykje på gang.

I tillegg til superfine telt, kan du leige gamlehuset på garden. I huset er det fire soverom, flatskjerm-TV, vaskemaskin, bad og kjøkken. Vil du gjere som oss, ligg du i telt. Du kan tilogmed sove i tretelt eller ute i hengekøya om du vil. Det er kult. Av og til kjem det rådyr forbi tidleg på morgonen for å sjå hva slags skapninger som har komme på besøk…

Treteltområdet
Her kan du luske på elg og rådyr hvis du ikkje får sove…

Hvert telt ligg litt for seg sjøl, så ein føler at ein kan være så sosial ein vil, men også få være heilt i fred. I telta er det kjøleskap og enkelt kjøkkenutstyr. Ute på verandaen er det elektrisk grill. I tillegg kan du bruke felleskjøkkenet med komfyrer og oppvaskmaskin, bad med dusj og do eller du kan huske litt mens potetene koker.

Fellesområdet i låven. Kjøkken rett fram👆,bad til venstre 👈og huske til høgre👉
Føler eg gjentar meg sjøl her nå,men detaljene altså….🙌
Nei eg dett ikkje ned frå andre etg….eg tester huska😂😂😂
Langbord på kjøkkenet/allrommet
God plass inne
Digger det!

Regner det, kan ungene leike innendørs, det kan spilles spill og høres på musikk på LP-spilleren i allrommet. How cool is that??? 😎👌🎙🎶🙌 Miles Davies i skogen. Skikkelig stemning.✨✨✨

Vel installert i teltet drar me i gang grillings på verandaen og nyter utsikten som strekker seg heilt til Norsjø. Gauken (red.anm. gjøken) ko-ko’er og magen rumler. Gerd tar bilde av maten og magen rumler enda høgere.

Rumle,rumle
Nammenam

Det smaker som vanleg heilt utsøkt, og etter ein avslappa kveld legg me oss i mjuke senger og sovner til fuglekvitter.

God natt😴
Utsikt frå verandaen🤗

Me snorker oss gjennom natta og våkner utpå dagen til lykkeleg barnelatter i det fjerne. Tusen takk for et strålende opphold. Me kjem tilbake til vinterglamping. Gleder oss allerede.😃👏👏👏

For meir info, sjekk denna: http://www.breivagjestegaard.no

#visitbø #visittelemark #glamping #bøitelemark #breivagjestegaard #overnattingibø #liveterbestute #norway2day

🏠Mikrohyttetur🏠

Gerd liker det smått. Ho bur i ein leilighet på 40 m2 og drømmer seg bort i tv-program som «Tiny Homes». Så….når ho da velger hyttetur, blir det denne gongen til Mikrohyttene i Sannidal.

På veg til Mikrohyttene
Welcome to the ranch

Etter ein kjøretur gjennom skogen ankommer me Moen Ranch i 12-tida og blir møtt av ein hoppende glad Border Collie ved navn Harley. På ranchen er det nå tre hytter til utleige; Hobbit-hytta Torv som er for familier og er tilrettelagt for barn, Stempunk-hytta Dristig og Kronen (på verket).

«Torv» var opptatt da me var var der. Bildet er derfor lånt fra heimesida.
«Dristig» Ein fargerik sigøyner-utedo hører med til denne hytta
Utsikt frå Dristig-hytta
😄Nei,dette er ikkje ein av utleigehyttene men derimot uthuset på gården frå 1700-tallet
I felleshuset Smia kan du lage mat. Her er også litt kioskvarer som is og sjokolade om du blir fysen utpå kvelden.
Smia har også utvendig bålpanne-plass. Benker og bord er laga på gården, og dei blir også laga for salg.

Me skal overnatte på Kronen, som ligg litt for seg sjøl og heilt utpå kanten, høgt over et stille Tokevatn.

Her kan ein klare å slappe av!
Frå 2. etg i Kronen. Heilt greit å sove her..😄👏👏👏

Idet me kjem bort ser me noen som er ute og padler i kano, og eier Per Inge opplyser at det er fint å padle i de naturlige kanalene rundt øya me har foran oss. Han har kano til utleie.

Foto:Ingelin S.T.
Innbryterkongen

Per Inge underholder oss med historier om Harley og innbryter-ekornet som stjeler fuglefrø. -og blondinevitser. Eg er den eineste ikkje-blondina i følget.. Like i nærheten vil den kommende Farmen-innspillingen bli avholdt, og med det landskapet tenker me at det må være den perfekte plassen for slikt. Etter omvisning føler me oss absolutt som heime idet me får ansvar for gården og bikkja siden eier skal være vekk til seine kvelden.

Hytta til venstre, utedo til høgre og bålplass i midten

Me får hjelp av Harley til å få pikkpakket vårt inn i hytta og bli kjent med området rundt. Me MÅ jo også ein tur til Kragerø for den rette sommerferie-stemningen. Det er et must hver sommer!

Kragerø,altså…😍
Noen bankbygg er finere enn andre…🙌
Kvite hus og smale smug

Det blir strake turen innom iskremsjappa i sentrum før me rusler ut til Gundersholmen Kystfort for å sjå på kanonene, stranda, og ungdom som hopper fra klippa.

Is må ein ha!😋
Gundersholmen Kystfort
Bystranda
Et supert område for store og små

Det er nydeleg å bare sitte og drømme seg bort der i skjærgården. Sjå på båter som tøffer forbi, livet som går rolig og rosebusker som klatrer på små kvite hus med raude tak. Idyll.

Du kjenner den deilige duften av gamle roser når du går forbi her.💕
SUKK!!!!🥰

Tilbake på Moen Ranch bader vi i Toke i varm kveldssol. Det er stille og idyllisk med fuglekvitter overalt. For folk som bur i storbyen må dette virke øredøvende stille.

Bratt sti ned til badeplassen
☀️Toke i kveldssol☀️

Gerd begynner etterhvert å bli urolig, og av erfaring veit eg at det betyr at det snart må inntak av mat til for å roe ho ned. Ho blir småsur og kort i svara av å være sulten, så for å beholde freden går me opp att til hytta for å fyre opp bålpanna.

Sjefsplass for å betrakte solnedgangen

Me har bestilt pølsepakke før ankomst, så det ligger ei pakke supergode kjøttpølser fra Brubakken og venter på oss i kjøleskapet. I tillegg til dette har me bestilt kaffepakke med økologiske heile kaffebønner og mandelcookies til dupping, så her blir det både middag og dessert. Det finnes fleire pakker man kan bestille i tillegg til opphold. Du kan dermed få et skreddersydd opphold og velge sjøl hvor mykje du vil ta med heimefrå. For meir info,sjå www.mikrohyttene.no

Bålet er godt i gang og blaffer ivrig opp hver gong det renner fett fra pølse på spidd. Akkurat slik det skal være.

Supergode pølser proppfulle med smak👌

Etter ein lang dag med masse inntrykk er det godt å krabbe inn i hytta for litt søvn. Eg vil anbefale å holde seg våken litt for å ligge å sjå gjennom takvindua opp på himmelen, frå senga.

✨Snart midnatt. God natt✨

Fint om sommeren, men det må være et fantastisk syn på vinteren når det faktisk blir mørkt om natta. Her er vedovn og utleie heile året. Eier forteller at Mikrohyttene har kommet i toppsjiktet i ei kåring om beste plasser i Norge å ha seg…veldig romantisk der, altså. Et opphold her må være den ultimate bryllupsgave.

Sola takker for seg
God morgon!😃☀️
Skulle ønske du kunne kjenne lukta av den nybrygga kaffen på dette bildet!☕️

Opp tidlig neste morgen for å drikke nykverna kaffe og sjå sola gli opp gjennom trea . Eg er ikkje spesielt pratsom på morgonen, er faktisk fullstendig uinteressert i slikt tull😴🙈😄 -så me sitt stille, koser oss med kaffe og hører og ser på fuglelivet rundt oss.

Foto: Ingelin S.T.

Det er fuglekasser og fuglebrett i alle retninger, og me legger ut litt ferske fuglefrø til gjøk og sisik, trost og stær.

To fjonge hakkespett er glade for frokost, det samme er ekornet som denne gongen slepper strevet med å bryte seg inn i bua for å hente frø på egen hånd. Det hersker ein rolig zen-stemning over Kronen kl 8. Per Inge og Harley kjem forbi på sin morgontur. Harley kvikk og rask, Per Inge kanskje litt meir dempa etter festen i går..?😄

Etter hvert dukker ungdommen i hytta også opp, og me tar ein frokost i det fri før me pakker saker, rydder og etterfyller vanntanker. Her får du nemlig oppleve ekte hytteliv. Bære vatn og kappe ved. Utedo er det også, og der er det så reint og fint at det er teppe på golvet. Så av med skoa.

Hvis du ikkje har lyst å av med skoa…

Flotte og originale hytter i nydeleg natur. Ein plass for ro og ettertanke. Eller andre ting…Det er heilt opp til deg…Takk for oppholdet, Harley og Isaksen.

PÅ HEIMVEG

På veg heim att stopper me i Drangedal sentrum for bading på stranda. Været er som sommervær skal være, varmt og deilig. Medbrakt banansandwich blir fortært og fleire bilder blir tatt.

Buene

Tokedølen II ligg og lekrer seg ved kaia og heile området ved Toke brygge, også kalla tusenårsstedet, er som et postkort av sommerminner frå barndommen. Det var ALLTID fine sommerdager da eg var lita, syns eg huske…

Slik var alltid sommeren da eg var lita…

Her ligg dei gamle handelsbuene. I Lindtveits gamle landhandel er det i sommar salg av kioskvarer og nystekte vafler hver dag frå kl 12-18.

Landhandelen

I tillegg er det leikeplass med husker og tarzanløype om du treng å få ut litt ekstra energi.

Her kan ein slenge seg

Enda ein super tur er unnagjort, og vi er ferdige med mini-turneen for denne gong. -men eg har på følelsen at det ikkje er lenge til neste Telemarks-eventyr. Om du vil kan du få rykende ferske reisebrev rett i innboksen din ved å registrerer deg med din e-post på rundtomkring.blog

#visittelemark #mikrohytteneisannidal #visitkragerø #hyttetur #bryllupsgave

Takk for følget for denne gong😊

☀️Trivsel ved Toke☀️

Nå skal me til Drangedal!

Gerd er bestemt i stemma. Eg skjønner at her er det ingen vits i å protestere, men eg tenker mitt… Hva i all verden skal ho til Drangedal å gjera? 😳

Me skal besøke lama! Hæ?? Har det tippa? Lama…som i dyret lama eller Dalai Lama, spør eg, og lurer på om Gerd har blitt religiøs. Dyret, selvfølgeleg!…🙄

Eg blir nå betrakta som mindre intelligent, og holder klokelig munn så eg ikkje framlegger bevis på at eg er nettopp det. Eg skjønner fremdeles ikkje heilt hva me skal ut på nå, men eg jatter med og håper det dukker opp fleire ledetråder.

Det gjer det. Meldingsboksen min fylles opp av bilder av lamaer, geiter, påfugler, alpakkaer, ein vegg med fuglekasser, vannpark, klatrevegg og rorbu. I Drangedal. Alt dette med overskrifta HULFJELL GÅRD.

Jentegruppa Bananalama
«Eg tar gjerne ein salat,takk«
Flott kar
Den stolte påfuglen føler slettes ikkje for å vise seg for Gerd og snur stadig fua (altså baken) til….
….men gjer seg til slutt for å sleppe maset😂
Klatre til topps den som tør😱

Det viser seg at Gerd har funne ei perle av ein besøksgård. Den er ikkje som alle andre gårder, klokka går baklengs og værkua er lykkeleg. Det trur eg forresten alle dei andre dyra der er også. Slikt liker me! 😄👍👍👍

Me kjører gjennom de dype skoger og ender opp på ein plass langs vatnet som får oss begge til å bryte ut i et langt og beskrivende ÅÅÅÅÅÅÅÅÅHHHH SÅ FIIIINT!!!

Hetty,Letty og Netty lar seg overhodet ikkje forstyrre i lunsjen
What’s up,dude?

Vatnet glitrer og lamaene glor. På oss. som har hengt oss opp i begeistra ÅÅÅÅÅHHH’er. Dei treng ikkje å spelle såååå kule, dei bur her, er vant til plassen og kan være så blaserte dei bare vil, men me er jo akkurat kommet hit og er overvelda over å heldige me er som skal overnatte på denne vakre plassen. I ei rorbu. Heilt i vannkanten. SUKK!

Jadda!
I ei slik bu kan du og bu😃👏👏👏
Plass til fire

Med oss denne gongen også, er min datter som elsker dyr. Ho blir godvenner med sau så fort ho nærmer seg. Detta blir bra.👍 For her er sau. Og ullgris. Og ku, kalv, hester, fasaner, emu, kaniner, ender og gjess. I tillegg til tidlegare nevnte arter.

«Ypper du? Make my day, punk!»
Hest,hest & hest
«Eg emuer bare meg litt bortover her,eg…»
«Hmmmm? Sa du no’?»
✌️Yaaaa maaan!!!✌️ (Faktisk samma hårsveis som eg har når eg legg meg med vått hår…eg følte ein umiddelbar connection 😂) Foto:Ingelin S.Tveit
Foto: Ingelin
Han og ho og ho. Foto:Ingelin

Me blir møtt av eier Jan Halvor som ønsker velkommen og så blir vi raskt installert i den vesle rorbua av hyggelig hjelp på gården. Me må ta det heile inn litt om gongen, så me tar ein trippel kuleis nede på brygga.

Trippel-kiosken

Sola skin som om ho er galen, og Gerd ligg alt på knea og plukker blomster til å ha i sin medbrakte vase. Ja. Ho har det. Eg veit… Det er spesielt, men ho forklarer det slik : me må jo ha det koseleg på tur og markblomar er bare det nydelegaste eg veit, altså!!!

Gerd liker markblomster. Eg liker seigmenn.

Me tar ein tur for å helse på dyra på gården. Hei alpakka. Hei ku. Hei geit med lange horn. Hei and og gås.

For et godt liv!
«Call me Al. Al Pakka.»
Et and-og gåsefiskevær

Så må datter bade. Vatnet er visst KJEMPEGODT, så Mor stikk tåa nedi for å kjenne. Deretter tar Mor tåa RASKT opp att og gjer seg svært opptatt med noe anna….Det blir forresten ett bad til seint utpå kvelden for datter, siden håndkleet detter til bunns i vatnet og Mor fremdeles ikkje har noko utprega stort behov for neglesprett.

Et enkelt og godt kveldsmåltid

I den vesle bua legg me oss til å sove etter å ha ete god mat og sett sola gått elegant og vakkert ned bak åsen. Noen av oss sover som normale folk, dvs til morgonen, mens andre (jada, ho med vasen) står opp kl. 04:00 for å ta bilde av soloppgangen.

Kl 04:00 . Ellers ingen kommentar

Alpakkaen i tunet syns Gerd er like gal som me andre syns, for du kan sjå at den tenker «Herregud, hva driv du på med, ditt rare vesen?» på bilda me får sjå da me står opp. -Fleire timer seinere.

Trøtt alpakka i soloppgang
«Psssst gutta,lat som ho ikkje er der så går ho kanskje vekk,okeeeey?»

Morgostunda på brygga er lang og god med kaffe i koppen, og etterhvert vaknar gården og alle dyra til ein ny dag og nye besøk. Hulfjell Gård er nemleg åpen for besøk alle dager heile sommaren.

«Eg har alltid følt meg unik»
«Hahahaaaaa,den prompen var heilt konge,ass!!!»
»Frokostblanding med frø,takk»

For ein strålende plass å tilbringe ein dag eller to. Ein tur hit anbefales barn i alle aldre. Her er det nemlig noe for alle, om du vil sitte stille og nyte synet, kjøre tråtraktor, ri eller hoppe ein halvtime i hoppeslottet. Vil du vite meir, kan du sjekke ut Hulfjell.no

Slott for hoppetusser
Når det er på tide å tanke opp John Deere’en
Ta gjerne med mat til grilling på bålpanna mens dei minste leiker
Grillhytta kan også bestilles

God tur, folkens. (hels Al Pakka og si unnskyld for ødelagt nattero.)

Pust inn. Pust ut. 👌Ohmmmmm.👌

#hulfjellgård #visitdrangedal #visittelemark #besøksgård

🎈Ballongfararsteinbefaring🎈

Paris, kl. 00:15, 25 november 1870:

Paul Rollier og Leon Bezier gjer seg klare for nattas eskapader. Nei, det var ikkje snakk om ein tur ut, på dans på lokalet. Dei skulle derimot ein kjapp tur opp i ballongen sin, Ville d’Orleans, for å frakte kurerpost frå Paris til ein stad noen få mil utafor byen, slik ca rett bak fiendens linjer.

Siden det ikkje var lange svippen hadde dei kledd seg på høveleg fransk vis i tynne, dandy klær og lakksko. Som vel dei fleste veit kan lakksko fint brukast i november. Det fins vel tilogmed dei som fremdeles brukar lakksko seint i november..julebord er julebord.

Problemet for våre franske venner var at for ikkje å bli skyte ned, måtte dei høgare opp enn forventa. «Tatt av vinden» skulle nesten 70 år seinare bli ein braksuksess på kino, men det visste ikkje desse to. Dei kom inn i ein kraftig luftstraum som beint ut kidnappa stakkarane og førte dei nordover. Over hav og land, til dei enda opp på Lifjell i Norge. Over 14 timar tok turen, og er til dags dato verdens lengste ballongferd. Der var det kaldt å gå i lakksko. Da som nå.

Ballongfararane fekk hjelp og kom seg til slutt til Kristiania der dei blei mottatt som helter. Dei kom seg videre med båt tilbake til Frankrike og kurerposten hadde dei med seg tilbake. Den fekk dei levert til rett adressat. Posten skulle fram!✉️👨🏻‍🎨

Det blei reist ein ballongfararstein der dei landa, og den skulle me nå opp og sjå på. Med denne gongen var dotter mi på snart 14 og Majoren .

Majoren
Målet med turen

Me kjørte i veg frå Bø mot Seljord og svinga av passe kort tid etter tunnelen. Oppover bar det. Bratt og flott. Etter å ha krabba noen kilometer stoppa me ved bommen (det koster 50,-og det kan Vippses) og da blei me samtidig guida i riktig retning av lokalbefokningen. Takk for det, Gunn Margit. (Bare for å ha nevnt det, nei, alle i Bø heiter ikkje Gunn Margit. Men eg og ho gjer det…)

Bratt og fint

Me humpla oss videre oppover. Det gjekk ikkje fort,men jevnt og trutt. Vegen blei mindre og mindre urban,men når min vesle,låge sussebass av ein bil med sine nusselige lavprofildekk kom fram, kjem alle fram. Kjør på.👍

Som skiltet viser gjekk det rett opp…
…og innover

Vel framme nesten på toppen, gjekk me etter skiltinga mot denne berømte steinen. Trudde me…Det skulle vise seg at me tok litt feil der…me havna utpå ei diger myr.

💦💦💦
Her blir det mykje god-plukk etterhvert
Noen av Gerds små venner
Mykje fint når ein ser nøyere etter
Naturens egen flamingo

Aldri har eg klart å bli våt på beina mange ganger på samme dag. Du skjønner det at Gerd er aldeles livredd for orm. Og orm gjekk me rett på i starten av gåturen. Gerd holdt på å svelge sin egen tunge av skrekk, så derfor gjekk me og såg nøye på bakken. Faktisk så nøye at me ikkje såg meir orm, men heller ikkje at stien delte seg. Der me skulle ta til høgre, gjorde me ikkje det..og der kom den myra inn, eller…me kom inn på den myra. Den var stor og våt. Me prøva oss på å komme over på både venstre og høgre side. Det var ingen stor suksess. Att og fram er like langt. Hver gang.

Høgre,høgre!!!!👉

Til slutt måtte me ringe ein venn. Me ringte tidlegare nevnte Gunn Margit, den lokalkjente. Ho visste sjølsagt hvor me hadde gått feil, og etter å ha surra rundt litt til, fant me den smale sti som førte til målet.

Der var’n
Er det detta som er å sitta på post?

Steinen blei sett på,tatt bilde av, boka blei skrive i og historien lest.

Så var me på veg ned att.

Litt nede i bakkene blei det ein stopp ved utkikkspunktet Grindekleiv.

Der er bygd ein installasjon av fem rom ein kan sitte i, i ein sirkel med bålplass i midten. Her du kan kvile trøtte (og/eller våte) bein mens du nyter den flotte utsikten over «innlandsfjorden»og evt speider etter sjøormen Selma.

Kunst i naturen
«Gonil Dale» -kunst i kikkeskåp av Knut Hølje Odden. Ho var noko beskjeden av seg,ho Gonil,ho følte seg liksom så lita i den mektige naturen.

Siden det var St.Hansaften, skulle me ned att og grille og kose oss ved vatnet. Mat og drikke hadde me med, men me var gjennomvåte på beina. Hva skulle me gjere med det? Løsningen var Hegna Landhandel på Vefall.

På Hegna Camping finn du alt du trenger…
….t.o.m garasjer. Eg vurdera å ta med ein enkeltgarasje med carport,men fekk ikkje plass i bilen.

Hegna Landhandel er åpen 365 dager i året og dette passa perfekt siden det var søndag. Dette er Norges første sjølbetjente landhandelbutikk og er større enn ein vanleg kiosk med sine 100 m2. Eg visste at dei hadde et godt utvalg av varer på Hegna, så der måtte det gå an å finne ei løysning, tenkte eg.

Det fant me.

Normal med vinger, str.39-40
«Lima November Hotel Oscar Alfa request for landing»👍

Libresse Normal bind. Passer perfekt som såle i joggesko i str.39-40. Vingene blei flapsa inn og dei sklei rett på plass.

Har du marsjstøvler og det er vinterstid, vil eg derimot anbefale Saba bind. Dei er litt tjukkere og gir bedre isolering. For herrer er Libresse Goodnight Extra et godt alternativ. Det er meir ein str.43-44. Tørr og fin på et blunk.👍 Kjekt å ha med på tur. Tamponger er selvfølgeleg lettere å bære på, men så små sko har ingen.

Dagen blei avslutta ved Seljordsvatnet i nydeleg kveldssol.

Blikkstille vatn
Lauging må til etter tur
Et slikt syn får skuldrene til å senke seg omtrent heilt ned til knea
😍

☀️Takk for turen!☀️

#visitbø #visitseljord #ballongfararsteinen #visittelemark #hegnacamping #seljordsvatnet #bålkos #liveterbestute #seljordvannet

Dagens bål