🍄Stopp! Sopp!!🍄

Gerd har blitt ein av DEI. Soppfolket. -Som gjeng tur i skogen og studerer mose og ser etter gule prikker.

Eg har ikkje hatt noko imot det tidlegare, for ho er så snill at ho deler med seg. Eg har kantareller både i glass og poser i fryser’n frå henners tidlegare turer. Denna gongen må eg bli med og leite sjøl. Kan’a’det, tenker eg og roter rundt på roterommet til eg finn støvlane mine nederst i ein haug av spaylakkbokser og spikerpakker. Ei slags korg til å ha enorme mengder gult gull i finn eg også. Johoooo, eg er klar. -trur eg..

Blir det lite eller mykje sno til vinter’n? Åssen var det der igjen???🤔

Me trasker nedover Breisås på den nye, fine sang-og gykkelstien som har komme oppi her. Gerd blir litt betenkt og ler litt usikkert når eg tar hånda henners og ber ho gå på høgre side av meg. Ho lurer på om eg fullstendig har skifta fil, men eg bare peker ned på fortauet og forklarer at me jo må følge oppmerka skilting. Siden ho er minst, (bare et par cm kortere enn meg, men dog..) må ho gå på høgre side! Regel er regel.

Størst til venstre,minst til høgre!

Ende nedi høgga, som me sier i Bø, tar me brått til venstre ned i grøfta. Der åpner det seg er ein fin, liten passasje.

Inn i de dype skoger…

Me trasker forbi diverse bilvrak som ikkje kom i fjor, etter utsjånaden å dømme, og kjem ut på ein koseleg veg mellom gule åkrer. Det er jammen fint her i Bø er me enige om.

Vakre Bøherad😍
Fields of gold
Døme på seriøs sopp-plukker,jf Wikipedia

Inn i Håsårudhåtten (ja, det heiter det!…..😂) gjeng me, og Gerd glor nøye rundt seg på bakken. Si ifrå om du ser noko gult, sier Gerd.

Håsårudhåtten Highway

Ok svarer eg og sier der👉, der👆 og der👈 mens eg peker det ut. Det der er gule lauv som har dette ned frå trea…svarer Gerd lakonisk og ser litt rart på meg. Eg har ikkje tatt brillene med meg, så for meg er alle gule prikker modne kantareller. Gerd begynner nok nå å ane at detta ikkje kjem til å bli den suksessen ho hadde planlagt…

Fåresopp (trur me…)

Me finn masse. Det mysser av sopp i alle farger, men Gerd er så nøye og opplyser om at: hvis me et giftig sopp må me på dialysebehandling resten av livet, og eg gidd ikkje kjøre deg til slik behandling fleire dager i viko resten av mitt liv, bare så det er sagt!

Dialyse-sopp eller ikkje?🤔

Eg tenker i mitt stille sinn at eg trudde me var venner…😳

Plutseleg dukker opp kvit sopp i store ringer. Me finn ut, etter å ha ringt opp til fleire venner og lest i Den Store Soppboka, at dette må være Fåresopp. Den kan me eta. Hurra!😃

😁😁😁👏👏👏

Me gjeng over gravhauger frå førkristen tid og kolgroper på blåmerka løype.

Infotavle Bø Turlag
Gravhaug
Kolgrop? (Kol=kull)
Info Bø Turlag
Info frå Bø Turlag

Her har det skjedd litt av hvert! Eg plukker sopp på ei gravrøys og tenker med meg sjøl at under her ligg det døde folk….spør Gerd om ho trur det kanskje er fotsopp me plukker..

Ein kan sjå på glennene i skogen at her har det vore åpnare landskap ein gong i tida. Eg glømmer alt om sopp og tenker på alle historiene som må ligge skjult her. Spennande! Igjen skulle eg ønske eg hadde ein tidsmaskin så eg kunne hoppe tilbake i tid. Det tar litt over i hjernen med eventuelle overdramatiske eventyr, og da me har vore ute i et par timer, sjekker me korgene våre. Gerd sin er halvfull av god matsopp, mens min er…vel….ikkje direkte stappa….

Min fangst…..stakkars ensomme kantarell…har god plass,da…😁

Da gidd eg ikkje meir, men det har eg ikkje lyst å si til Gerd som storkoser seg, så eg spør om me ikkje kan eta nista vår før den visner. Kaffe har eg lyst på og.

Bronost og kaffi. Uslåeleg kombinasjon!👌

Me sett oss ned midt i skogen på mjuk mose og drar samtidig opp hver sin Smil som overraskelse til den andre. Det er da me finn ut at me kanskje har vore litt mykje sammen denna sommer’n.

På kvelden lager Gerd pizza med sjølfanga sopp. Snille Gerd deler med meg av sin soppfangst, for eg hadde vel ikkje blitt direkte stappmett av den eine kantarellen eg fant…

Gerds fangst…

Maten er nydeleg og me lever fremdeles. 🙌🙌🙌

Ingen dialysediagnose på oss i denna omgangen. 😅-Vellykka tur der, altså! 😃👍👍👍

2 kommentarer om “🍄Stopp! Sopp!!🍄

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s