🍀Telemark Highlands🍀

Siden vakre Telemark er et Norge i miniatyr, og me var ved kysten på forrige tur, gjer me nå ei bråvending og dreg uppivi (les: oppover). Me skal til høglandet. Rjukan og Tinn Austbygd: her kjem me.

Gaustatoppen

Gerd informerer meg om at me reise så tidleg som klokka 8 på morgonen pga været, for det er meldt masse vær. Av alle slag. Eg svarer bare ok, værst for deg, eg er ikkje menneskje så tidleg, og det veit du!

Eg kjem meg opp, og er på plass utafor hos Gerd til avtalt tid. Den fyrste halvtimen er ho klok og/eller erfaren nok til å ikkje prate til meg. Det er stille i bilen til me har passert Notodden. Stakkars Gerd. Ho held på å sprekke av innestengt snakk. Eg blir meg sjøl innen Gransherad. We’re on!

Etter nokka bråstopp pga ÅÅÅÅ, SÅ FIIIINT! og MÅ TA BILDE!!! er me etterhvert framme ved Krossobanen.

Opp her skal me. Langt og bratt opp..
Me kjører Blåbæret opp

Her skal me dingle oss opp til Gvepseborg, som er banens øvre stasjon, i gondol. Derifrå skal me gå opp Solstien som siast å være den kortaste vegen frå Rjukan til Hardangervidda. Denna stien er godt tilrettelagt og etter ca to kilometer er me oppe ved «Kanonstillinga» som ligg på toppen, 1110 moh.

På Gvepseborg kan du leike deg i klatreparken før du reiser videre.
Etter ca 800 meter på grusveg starter Solstien som er flott tilrettelagt med heller satt på plass av skjerpaer frå Nepal.
🎶Vi vandrer med freidig mooooot🎶
Lyngen blomstrer som besatt i fjellet just nu.
Bak skodda ligg Vemork-anlegget.
The Sun Trail.
Høgfjellet. Så vakkert at det nesten gjer vondt.😍

Kanonstillinga har ingenting med nachspiel og vaklete bein å gjere….Det er derimot staden der tyskerne starta å lage ei luftvernstilling med kanoner for å beskytte Norsk Hydros tungtvannsproduksjon på Vemork mot alliertes luftangrep under krigen. Dette blei rektignok aldri fullført, men det er ei anna historie.

Me et niste, dvs frokost for meg og lunsj for Gerd, like under toppen. Tåka kjem sigande raskt, men me ser Gaustatoppen klart på andre sida ennå ei beite.

Matpause med utsikt til Gaustatoppen.
Tåka kjem fort her oppe!
Back @ Gvepseborg i tide.

Straks etter me er nede att ved Gvepseborg er det ei lita stund så tett tåke at det er vanskeleg å treffe munnen med vaffelen.

Mmmmmm😋

Eg må innrømme for Gerd at ho hadde heilt rett da ho sa me måtte starte så tidleg for å sjå noko. Gerd sier ingenting om det, men det lyser hadde eg rett, eller hadde eg rett? i panna hennes. Eg liker ikkje å innrømme at det nokken gong er lurt å stå opp så tidleg at det gjer fysisk vondt, men denne gongen må eg gje meg.

Sjølbetjening ved vaffelstasjonen.

Me koser oss med svart kaffe og nystekt vaffel toppa med deilig sterk, brun VM-sølvvinner-geitost frå Austbygd. Sterkt anbefalt av blide og hjelpsomme Georgina inne på kafeen. Ho har heilt rett, den må smakast!

Sølvvinner’n👌

Den var verdt heile turen. Kafeen fyller seg etterhvert opp av folk som enten skal ta samme tur som oss, sykle inn til Kalhovd og være borte ein dag eller to, eller bare ta banen opp for å eta god mat og nyte utsikten frå kafeen. Dei har flaks, tåka har letna.

Rjukanbyen langt der nede.

Me dingler oss ned igjen den bratte fjellsida og får høre av gondolføreren at i høgsesongen kjører han opp og ned der 80 gonger om dagen. Han får ikkje lenger dotter i ørene av turen, men det får me uerfarne låglandsfolk, så me står og gaper på veg ned. Gerd ser ikkje intelligent ut, og av det lattermilde uttrykket ho har i fjeset skjønner eg at det gjer ikkje eg heller…😂

Me tar Tyttebæret ned att.
Hei Blåbær😃👋
Me overlevde!😅
Skipynt på nedre stasjon.

Har ein ikkje lyst til å ta banen, men heller gå dei 21 krappe svingene opp eller ned Ryesvei, så værsågod…Vegen er 3851 meter lang, og høgdeforskjellen er ca 500 meter. Det som er kult er at denne vegen er åpen for aking på vinteren. Da kan ein ta banen opp og ake ned igjen. Dette er dermed Norges lengste akebakke med heis. Sjå meir om dette, og meire til, på http://krossobanen.no

Vel nede i Rjukan sentrum må me ta ein kikk på det berømte solspeilet. Krossobanen blei i si tid laga for å få lokalbefolkningen opp i sola. Solspeilet blei satt opp for å få solglimt ned. Det trengs. På vinterstid når nemleg ikkje sola ned i botnen av den djupe dalen. Solfesten i mars er feiringa over at sola er tilbake etter nesten et halvt år borte frå byen.

Høgt oppi lia står speilet og redder dagen midtvinters.
Et slag sjakk, anyone?
På UNESCO’s verdensarvliste.
Blomsterpotte med historie.
Rjukanbanen var ein viktig transportveg for Norsk Hydro.

Me skal være her i området et par dager, og me skal overnatte i telt. Heldigvis er det av det rette slaget, med strøm, lamper og senger, altså er me glampinturister igjen. Hurra, så glad ein kan bli!!!

Min type telt!😃👏👏👏
Vakne opp til slikt…skål for det!

Sandviken Camping i Tinn er ein familiebedrift som har gått i arv i generasjoner og det er i dag tredje generasjon som driv camping her.

http://sandviken-camping.no kan du lese meir om historien til plassen. Campingen ligg nydeleg til ved Tinnsjøen og me vakner opp med ein fantastisk utsikt over båt på stille vatn omkransa av fjell som strekker seg så langt ein kan sjå. Det er som å vakne opp i et måleri av Tidemann og Gude, eller Tidegud og Mann som Gerd liker å kalle dei.😄

God morgon!☕️☕️☕️☀️☀️☀️
Den gamle brygga på Sandviken Camping
Steiner frå dei rivne syretårna på Hydrofabrikken. Ca to tonn pr stein. Solid trapp👍
Her treng ein ikkje kjede seg. – om ein ikkje absolutt vil,da..
Saunatønna har glassvegg, så her kan det svettes med utsikt.
Lunch i det grønne.
Resepsjon og kafé.
Populær leikeplass.
På felleskjøkkenet kan du mekke din egen mat.
All slags camping er representert. Denne var artig.
Er det Tidegud eller Mann som er ute og fisker?
Chorizopølse blir servert sammen med Gerds verandakassepoteter😃👍
Så kom kvelden med all sin skjønnhet.

Neste dag er det både sol og lett yr i lufta. Me kler oss etter forholda, dvs alt frå stuttbukse og kortarma til ullgenser og vindjakke 😂😂😂, og reiser til Håvardsrud Seterliv (http://seterliv.no) for å sjå på dyra og ete rommegraut.

🎶It’s a long lonely highway when you’re travelling all alone..🎶
Må væra her Myrullbråten kjem frå, vel?

Her er det gamle, vakre bygninger og hest, ku, sau, gris, høner, geiter, kyllinger, og i tillegg kaniner på taket. Og rommegraut. For dei som lurer, er det bygdespråk for «rømmegrøt».

Velkommen til Håvardsrud Seterliv.
Må væra den beste rommegrauten eg har kjent, trur eg!👌
Nammenam rett frå ovnen.
Ein lokal svinepels.
Setra er i full drift med bl.a ysteri.
Tak-kaninene.
Gerd har god kontakt med dei lokale.😄
Ein nussebass-tass.🥰
Kan sitta inne og eta om du vil.
Moro for ungane å klatre opp på taket og klappe kaniner.
-moro for dei vaksne og…

Da me reiser frå stulen, tar me til venstre 👈 i staden for høgre 👉som me skulle gjort, for slik er me bare laga. Dermed ender me opp i tunet til ei driftig dame ved navn Aslaug.

Tinnbua
God holdning😄👍

Ho driv Tinnbua, ei god, gammaldags krambu med hus-og hytteutstyr, der på garden sin. Ho har alt du treng, eller ikkje treng, men bare MÅ ha. Og der kjem eg….med min svakt utvikla impulskontroll og tilsvarende sterkt utvikla og opptrena shoppinggener…det ender bra for ho. Meir er det ikkje å si om det. 💸

Og her….gjeng det i ball for meg! 🤩

Fantastisk butikk med alt mulig av varer, eller «litt søtt, litt salt, og noko tå alt» som ho sjøl sier. Pluss ein andre etasje fylt med juleutstyr. O jul med din glede og barn i August, så koseleg! 🎄Sjekk ut http://www.tinnbua.no

🎄Juleavdelingen🎄
Gløm hulebjørn, her er det julebjønn som gjeld.😄😄😄
Ok.👍
Omtrent slik følte eg meg i denna handlehimmelen..forvirra men glad.
Smaksprøver blir servert.
For dei som treng det…😉😄

Me får omvisning i bua og på garden i tillegg.

Neste år blir etter planen gardens private bygdetun åpna, med hus frå div plassar på eigedommen som nå er samla her.
Aslaug har alle rettigheter ( heldige Aslaug..!) og leiger ut lysthuset til selskap med sjøllaga mat om du vil.

Aslaug fortel om besøk frå NRK, reportasjer i ukebladet Hjemmet og tulletelefonen frå statsministerens kontor som ikkje var ein tulletelefon likevel..Ho fortel og at det er fleire små bedrifter starta av damer på nabogardane bortover. Dei kaller seg Jentene i Øvrebygde. Det er nabolaget sitt!

Med ein litt tyngre bil og ei litt lettere lommebok triller me, fornøgde med dagens fangst, ut av krambu-tunet. Me skal overnatte ennå ei natt i det flotte glampingteltet på Sandviken før me dagen etter skal til Vemork og sjå. Og høre. Og oppleve. DET blir ein sterk opplevelse. DET kjem i neste reisebrev som kjem ganske snart. Heng med.👍

Takk for i dag💕

4 kommentarer om “🍀Telemark Highlands🍀

  1. Hei damer!
    Dere er så flinke med både bilder og tekst!
    Jeg har tatt gondolen opp og syklet ned!
    En skikkelig tøff tur, og viktig med gode bremser!!
    Ser frem til neste reisebrev!🥰
    Hilsen Nils

    Liker

  2. For en tur👍🏻😊er fortsatt veldig imponert over hvordan turene og opplevelsene gjenfortelles med bilder og ord😍

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s