☀️Hengekøyekos ved fine Follsjø☀️

Fint vær og kjempevarmt!!! I maaange dager. Me må vekk. Eg kjem til å bråne på veranda’n min! Melding frå Gerd. Hengekøyetur? svarer eg. Slik blir det.

Det er ikkje mest penger att i reisekassa så ein gratistur passer fint. Ved et vatn. Med både solnedgang og soloppgang synleg frå køya.

Eg må bare få meg ein ny sovepose. Den eg har er eldgammal og laga til ein heilt anna fysikk enn det eg er utstyrt med. Den må væra bortimot 3 meter lang og så smal at om den hadde vore stripete, hadde den bare hatt plass til ei stripe. Det føles i alle fall slik, der eg klarer å vikle meg fast i den i løpet av natta. Eg plager å våkne opp fastinnvikla som ein forvirra snegle i et alt for lite sneglehus. Og da i tillegg i hengkøye….eg hadde vel våkna opp utafor køya i bare myggnettingen og med framtennene i lyngen og blåbærprikker i panna…

Eg stikk innom godtebutikken Brukås Sport for å finne ein sovepose eg kan overleve i. Syns det er vanskeleg å finne slikt på egenhånd, men der kan eg komme og si hva eg skal ha det til, så finn dei alltid akkurat det utstyret eg treng. Effektiv shopping, yes yes yes.👍👍👍

Det er såååååå fiiiint ved Follsjø sier Gerd, og når Gerd sier slikt, trur eg på ho. Er ikkje vanskeleg slik sett. Ok, let’s go. Me pakker igjen Gerds lille kvite og kjører som et sakte lyn over heia.

To dager her gjer ingenting…
På plass.👏👏👏

Vel framme er det opp med køye og myggnetting. Det gjeng radig og deretter må det badast. Vatnet er aldeles forfriskande deilig.

Lokalkjente Anita er med første natta. Her er det tågymnastikk som står på timeplanen.

Middag må me ha, og i dag står heilt nyplukka poteter på menyen. Gerd har blitt mini-bonde med egen verandakasse-avling.👩‍🌾 Nydelege jordeple med smør på og spekeskinke innat. Namme-nam!👌👌👌

Ekstremt kortreist mat!
👌👌👌

Me er ikkje aleine om å kose oss rundt vatnet. Dette er ein populær plass når det er så varmt som i desse dager, men utpå kvelden reiser røkla heim att, og roa senker seg over plassen.

Kan ikkje bli meir idyllisk enn detta, vel?
Bomull-himmel

Utover kvelden blir himmelen bare finere og finere. Me føler oss privilegerte som kan sitte her og sjå natur som detta på sitt beste. Nydeleg temperatur. Berga er fremdeles solvarme, sola går ned bak fjella og mygg og knott syns det er koseleg å få besøk.

Takk for i dag, sola.
Utsikt frå køya😍God natt😴

Eg sover som ein stein i hengekøya. Soveposen er vennlig innstilt og funker perfekt.👌Gerd derimot, sover både mindre og lettere og blir liggende og stirre ein mygg-gjeng inn i augene. Dei små vesna er kranglete i kveld. Antageligvis noe småsure pga myggnettingen. Så nær men dog så fjern…

Klokka to på natta….
…..og klokka fire…frå hengekøya.

Tidlig neste morgon er seff Gerd oppe tidleg for å nyte morgokaffen sin der ved vannkanten. Eg vil heller bade når eg vakner, slik et par timer seinere..

Good morning😃
Morgokaffe ved et blikkstille vatn.

Me finn ut at det er så fint her at me bestemmer oss for å bli ei natt til.

Matforrådet må suppleres. Ingen problem. Svipptur til Notodden og handle inn digg. 👍 Det er steike hett i byen, men tilbake ved vatnet er det ein deilig bris. Meir bading og masse folk som koser seg.

Takk for i dag, del to.

Kvelden sig på og igjen blir det stille og godt.

Me er enige om at å overnatte ute i frisk luft, under den fantastiske himmelen, må være noko av det beste som fins. Det er dessuten gratis og ein treng ikkje reise langt. Anbefales på det sterkeste. 😃👍👍👍 Takk for nok ein fin tur.😊☀️

💤

4 kommentarer om “☀️Hengekøyekos ved fine Follsjø☀️

  1. Tusen takk for at jeg fikk være med bloggerne på tur🤩😍igjen har dere lagd en super beskrivelse av turopplevelser. Bare å pakke hengekøya og sekken folkens 👍🏻

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s