🎈Ballongfararsteinbefaring🎈

Paris, kl. 00:15, 25 november 1870:

Paul Rollier og Leon Bezier gjer seg klare for nattas eskapader. Nei, det var ikkje snakk om ein tur ut, på dans på lokalet. Dei skulle derimot ein kjapp tur opp i ballongen sin, Ville d’Orleans, for å frakte kurerpost frå Paris til ein stad noen få mil utafor byen, slik ca rett bak fiendens linjer.

Siden det ikkje var lange svippen hadde dei kledd seg på høveleg fransk vis i tynne, dandy klær og lakksko. Som vel dei fleste veit kan lakksko fint brukast i november. Det fins vel tilogmed dei som fremdeles brukar lakksko seint i november..julebord er julebord.

Problemet for våre franske venner var at for ikkje å bli skyte ned, måtte dei høgare opp enn forventa. «Tatt av vinden» skulle nesten 70 år seinare bli ein braksuksess på kino, men det visste ikkje desse to. Dei kom inn i ein kraftig luftstraum som beint ut kidnappa stakkarane og førte dei nordover. Over hav og land, til dei enda opp på Lifjell i Norge. Over 14 timar tok turen, og er til dags dato verdens lengste ballongferd. Der var det kaldt å gå i lakksko. Da som nå.

Ballongfararane fekk hjelp og kom seg til slutt til Kristiania der dei blei mottatt som helter. Dei kom seg videre med båt tilbake til Frankrike og kurerposten hadde dei med seg tilbake. Den fekk dei levert til rett adressat. Posten skulle fram!✉️👨🏻‍🎨

Det blei reist ein ballongfararstein der dei landa, og den skulle me nå opp og sjå på. Med denne gongen var dotter mi på snart 14 og Majoren .

Majoren
Målet med turen

Me kjørte i veg frå Bø mot Seljord og svinga av passe kort tid etter tunnelen. Oppover bar det. Bratt og flott. Etter å ha krabba noen kilometer stoppa me ved bommen (det koster 50,-og det kan Vippses) og da blei me samtidig guida i riktig retning av lokalbefokningen. Takk for det, Gunn Margit. (Bare for å ha nevnt det, nei, alle i Bø heiter ikkje Gunn Margit. Men eg og ho gjer det…)

Bratt og fint

Me humpla oss videre oppover. Det gjekk ikkje fort,men jevnt og trutt. Vegen blei mindre og mindre urban,men når min vesle,låge sussebass av ein bil med sine nusselige lavprofildekk kom fram, kjem alle fram. Kjør på.👍

Som skiltet viser gjekk det rett opp…
…og innover

Vel framme nesten på toppen, gjekk me etter skiltinga mot denne berømte steinen. Trudde me…Det skulle vise seg at me tok litt feil der…me havna utpå ei diger myr.

💦💦💦
Her blir det mykje god-plukk etterhvert
Noen av Gerds små venner
Mykje fint når ein ser nøyere etter
Naturens egen flamingo

Aldri har eg klart å bli våt på beina mange ganger på samme dag. Du skjønner det at Gerd er aldeles livredd for orm. Og orm gjekk me rett på i starten av gåturen. Gerd holdt på å svelge sin egen tunge av skrekk, så derfor gjekk me og såg nøye på bakken. Faktisk så nøye at me ikkje såg meir orm, men heller ikkje at stien delte seg. Der me skulle ta til høgre, gjorde me ikkje det..og der kom den myra inn, eller…me kom inn på den myra. Den var stor og våt. Me prøva oss på å komme over på både venstre og høgre side. Det var ingen stor suksess. Att og fram er like langt. Hver gang.

Høgre,høgre!!!!👉

Til slutt måtte me ringe ein venn. Me ringte tidlegare nevnte Gunn Margit, den lokalkjente. Ho visste sjølsagt hvor me hadde gått feil, og etter å ha surra rundt litt til, fant me den smale sti som førte til målet.

Der var’n
Er det detta som er å sitta på post?

Steinen blei sett på,tatt bilde av, boka blei skrive i og historien lest.

Så var me på veg ned att.

Litt nede i bakkene blei det ein stopp ved utkikkspunktet Grindekleiv.

Der er bygd ein installasjon av fem rom ein kan sitte i, i ein sirkel med bålplass i midten. Her du kan kvile trøtte (og/eller våte) bein mens du nyter den flotte utsikten over «innlandsfjorden»og evt speider etter sjøormen Selma.

Kunst i naturen
«Gonil Dale» -kunst i kikkeskåp av Knut Hølje Odden. Ho var noko beskjeden av seg,ho Gonil,ho følte seg liksom så lita i den mektige naturen.

Siden det var St.Hansaften, skulle me ned att og grille og kose oss ved vatnet. Mat og drikke hadde me med, men me var gjennomvåte på beina. Hva skulle me gjere med det? Løsningen var Hegna Landhandel på Vefall.

På Hegna Camping finn du alt du trenger…
….t.o.m garasjer. Eg vurdera å ta med ein enkeltgarasje med carport,men fekk ikkje plass i bilen.

Hegna Landhandel er åpen 365 dager i året og dette passa perfekt siden det var søndag. Dette er Norges første sjølbetjente landhandelbutikk og er større enn ein vanleg kiosk med sine 100 m2. Eg visste at dei hadde et godt utvalg av varer på Hegna, så der måtte det gå an å finne ei løysning, tenkte eg.

Det fant me.

Normal med vinger, str.39-40
«Lima November Hotel Oscar Alfa request for landing»👍

Libresse Normal bind. Passer perfekt som såle i joggesko i str.39-40. Vingene blei flapsa inn og dei sklei rett på plass.

Har du marsjstøvler og det er vinterstid, vil eg derimot anbefale Saba bind. Dei er litt tjukkere og gir bedre isolering. For herrer er Libresse Goodnight Extra et godt alternativ. Det er meir ein str.43-44. Tørr og fin på et blunk.👍 Kjekt å ha med på tur. Tamponger er selvfølgeleg lettere å bære på, men så små sko har ingen.

Dagen blei avslutta ved Seljordsvatnet i nydeleg kveldssol.

Blikkstille vatn
Lauging må til etter tur
Et slikt syn får skuldrene til å senke seg omtrent heilt ned til knea
😍

☀️Takk for turen!☀️

#visitbø #visitseljord #ballongfararsteinen #visittelemark #hegnacamping #seljordsvatnet #bålkos #liveterbestute #seljordvannet

Dagens bål

2 kommentarer om “🎈Ballongfararsteinbefaring🎈

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s